After the Sunset (2004)

IMDb: 6.1/10 (4,360 votes)

After the SunsetHar Salma Hayek nokon gong vore meir sexy? Eg trur ikkje det! Og filmen er ikkje så verst heller, faktisk så er den ganske god. For meg var det ein perfekt balanse mellom komedie, romantikk og jakta på diamanten. Alt er lagt til ei vakker, eksotisk øy. Og så lenge det er ei eksotisk øy, så blir det meste greitt å følge med på.

Elles har eg ikkje så mykje å sei om denne filmen. Eg trur eg dekka det meste i setninga om den perfekte balansen. Også slutten då, den er berre fin fin!

6/10

Traffic (2000)

IMDb: 7.8/10 (42,594 votes)

TREin god film, men sidan eg ikkje hadde undertekstar, så blei den meksikanske delen ganske så uforståeleg. I føler at filmen er godt laga, det var veldig mykje blanding av kven som dukka opp på skjermen, men det blei ikkje rotete likevel. Også alle dei kjente folka! Benicio Del Toro, Michael Douglas, Topher Grace, Catherine Zeta-Jones, Majandra Delfino, Dennis Quaid, Don Cheadle og Luis Guzmán. Alle folk eg kjenner til frå før.

7/10

National Lampoon Presents Dorm Daze (2003)

IMDb: 4.3/10 (936 votes)

Dorm DazeOk som lite krevande high school komedie med pene, overfladiske damer og utan særleg historie. Berre ei suppe med forviklingar og eit par småkjente ansikt. Småkjente som Cameron Richardson frå den kansellerte tv-serien «Point Pleasant», Chris Owen frå «American Pie» og Tony Denman frå «Sorority Boys».

4/10

Batman Begins (2005)

IMDb: 8.3/10 (42,215 votes)

Batman BeginsOmtrent så bra det kan bli når teikneserie går til lerretet. Filmen klarar å unngå å drepe deg med spesialeffektar, likevel om dei er tilstades. Den er morosam, litt enkle one-liners her og der, men eg skjønnar at det må til for å tilfredsstille mangfaldet. Så nokon av dei kunne for min del ha vore unngått. Det er ingen ting å utsette på handlinga, eg likte den.

8/10

Chasing Amy (1997)

IMDb: 7.6/10 (33,146 votes)

Chasing AmyEndeleg fekk eg sett Kevin Smith sin godt kjente film om teikneserieinteresserte og Jay & Silent Bob, som eg er stor fan av. Filmen behandlar tema omkring homofili på ein artig måte. Holden (Ben Affleck) blir forelska i den bifile Alyssa (Joey Lauren Adams). I tillegg dukkar kjente folk frå Askewniverse opp. Fornøyeleg.

7/10

Antitrust (2001)

IMDb: 6.0/10 (7,610 votes)

AntitrustDette var yndlingsfilmen min litt tilbake i tid då eg hadde tenåringscrush på Linux, eksperimenterte med lett PHP og Flash actionkoding. Det er framleis ein god film, men eg blir ikkje så lett overbevist om at PC-bransjen fungerar på ein så skitten måte som her. Å drepe folk for kjeldekode, det er drøyt. Bortsett frå det så er jo filmen god, om ein utelukkar dei fleste skodespelarane. Rachael Leigh Cook er dessutan utruleg søt. Også eit artig gjensyn med Rick Worthy frå etterforskringsserien Eyes på ABC, som ikkje overlevde på skjermen så lenge.

6/10

Van Wilder (2002)

IMDb: 5.8/10 (8,291 votes)

Van WilderEnkel humor, enkel historie. God nok, lite smart, men underholdande. Men så er det jo National Lampoon som står bak.

6/10

Garden State (2004)

IMDb: 8.1/10 (27,816 votes)

Garden StateGod film med godt lydspor! Sist gong eg såg filmen hadde eg ingen erfaring med Zach Braff, som spelar ein viktig karakter i tv-serien «Scrubs». Så for meg, den gongen, var han ein heilt ny småkul skodespelar. Og eg fall fullstendig for filmen, som har gjort sitt til at eg i ettertid har hatt veldig lyst å sjå den igjen.

Så no, etter å ha vore hekta på «Scrubs» ein periode, var tida inne. Filmen leverar framleis gode varer, Zach Braff er blitt ein skodespelar eg kjem til å følge med vidare, og klarar å skape så stor avstand til rolle han gjer i «Scrubs» at eg ikkje har noko å klage på.

Filmen er litt langsom, og krev tålmodigheit for å sjå. Sjølv kan eg like dette, om det ikkje blir for langsomt og går over til å bli kjedeleg. Men eg følte verken det gjekk den vegen eller over mot å bli ein billeg romantisk komedie.

Dette er ein film du absolutt bør sjå, så gå og kjøp DVD-en.

7/10

That ’70s Show sesong 1

25 episodar.

That 70s Show ses 1Ferdig med første sesong. Eg har sett eit par av episodane på TV før, men det var fint å sjå dei igjen. Og om resten av sesongen, så er det like bra. Morosam serie, og eg vil straks starte på sesong 2.

Carlito’s Way (1993)

IMDb: 7.6/10 (13,795 votes)

Carlito’s WayEin god Brian De Palma film, men den kan ikkje samaliknast med «Scarface ». Grunnen til det er først og fremst at denne filmen ikkje er så aktiv. Tempoet er lågare, og filmen er for svak og mjuk til å imponere i gangstersjangeren.

Al Pacino og Sean Penn er ikkje noko å utsette på, eg har full respekt for Pacino i det meste av arbeidet hans. Og Penn spelar den dopa advokaten med god innleving.

7/10
2 / 3123