Arkivet til aug-2005

Melinda and Melinda (2004)

IMDb: 6.8/10 (2,828 votes)
Det første eg la godt merke til i denne filmen var musikken, som var ganske lik med «The Curse of the Jade Scorpion», men så er jo dette også Woody Allen.
Filmen startar med at fire personar på ein restaurant sit og diskuterar, på den smarte Allen-aktige måten. Så går historien sin gong, [...]

The Notebook (2004)

IMDb: 7.9/10 (12,812 votes)
Viss du er interessert i ei god kjærleikshistorie med sin dose tåreframkallande augneblikk, ein roleg og stille film, så er dette godkjent søndagsmateriale.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Manchurian Candidate (2004)

IMDb: 6.8/10 (11,920 votes)
Denne gongen fekk eg sett filmen med undertekstar, noko eg ikkje hadde tilgong til sist, og det gjorde den ein del betre. Eg fekk med meg mange fleire poeng, og fekk litt meir å tenke på undervegs.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Orange County (2002)

IMDb: 6.1/10 (9,260 votes)
Dette har ingenting å gjere med tv-serien «The O.C.», likevel om eg var glad når temasongen til den serien dukka opp i rulleteksten. Den største grunnen til at eg såg filmen var Jack Black, Ben Stiller og Colin Hanks. Alle gode skodespelarar.
Historia tek plass i eit sprøtt miljø rundt ein ung forfattarspire [...]

That ’70s Show sesong 5

25 episodar.
Eg har ikkje så mykje å skrive her. For i den gode flyten eg er i, så går sesongane mykje over i kvarandre. Men dette er bra, det er godt, det er veldig mykje moro her.

The Mating Habits of the Earthbound Human (1999)

IMDb: 6.4/10 (1,386 votes)
Fin vri på den vanlege kjærleikshistoria. Denne filmen er lagt opp som ein dokumentar, med ei forteljarstemme som snakkar om menneske som om det skulle ha vore primitive skapningar eller dyr.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Hot Shots! (1991)

IMDb: 6.3/10 (11,448 votes)
Eg føler meg litt for gammal til denne type humor, men noko av det er sjølvsagt moro. Og det er heller ikkje lenge sidan eg såg «Top Gun», som på si side faktisk var betre.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Guess Who (2005)

IMDb: 5.3/10 (2,882 votes)
«Guess Who» enda opp med å bli heilt annleis enn det eg hadde forventa etter å ha sett filmtraileren. Ein filmtrailer eg nok gjorde feilen ved å sjå minst fem gonger. Ashton Kutcher er i hovudrolla her, saman med Bernie Mac. Førstnemnte når nok ikkje opp til «The Butterfly Effect»-høgder, og [...]

When Harry Met Sally… (1989)

IMDb: 7.7/10 (25,644 votes)
God romantisk komedie, utan at det er noko å felle tårer av her, men heller nokre gode sekvensar til å le godt av. Eg må innrømme at eg aldri har likt Billy Crystal, og ligg litt på kanten i å like han i «Analyze-filmane. Men det var før eg såg denne [...]

Suchîmubôi (2004)

IMDb: 6.8/10 (1,037 votes)
God animasjon var ikkje nok her, denne filmen kjeda meg og eg vil aldri sjå den igjen. Akira var så mykje betre, når det er snakk om same regissør. Og eg håpar «Appleseed» og «Ghost in the Shell» blir betre enn dette.
I Steamboy er det berre mange store, bråkande maskiner og [...]

Win a Date with Tad Hamilton! (2004)

IMDb: 5.8/10 (3,308 votes)
Av dei mange romantiske komediane eg har sett den siste tida ligg denne høgare oppe. Det er ikkje så mykje komedie som det er eit romantisk drama, men når den først er morosam så er det bra saker.
Filmen gav meg ei god kjensle innvendig og fekk meg i god humør, og [...]

That ’70s Show sesong 4

27 episodar.
Ein av dei beste sesongane, dette er That ’70s Show slik det skal vere!

Summerland sesong 2

13 episodar.
Som med den første sesongen, så er ikkje dette nokon serie som utmerkar seg på nokon områder. Den er veldig enkel, og blir sånn sett fengande og enkel å følge med på. Det er sol, kvite strender og damer i bikini her, så på ein måte ei grei erstatning for «Pacific Blue».

Life As We Know It sesong 1

13 episodar.
Dei to siste episodane har latt vente på seg, og eg er skuffa over slutten. For det er i grunn ingen slutt, berre to ekstra episodar. Eg skal likevel ikkje klage, eg har gått i fleire månade utan å fått sett nokon slutt på serien, ettersom den blei kansellert i statane. Når dei to [...]

The Cable Guy (1996)

IMDb: 5.6/10 (17,298 votes)
OK film, men Jim Carrey var ikkje akkurat perfekt for rollen som The Cable Guy. Han er meir morosamt enn psyko. Dette kunne ha vore ein spennande thrillerfilm hadde det ikkje vore for han. Men komedie er det, og komedie var det nok meint å vere. Det eg tykkte var kult med [...]

That ’70s Show sesong 3

25 episodar.
Knall sesong. No siktar eg mot neste.

The Truman Show (1998)

IMDb: 7.7/10 (65,140 votes)
Dette må vere den tredje gongen eg såg denne gode Jim Carrey komedien. Som er ein slags søken for ei meining i eit veldig spesielt miljø. Vår mann, Truman Burbank (Carrey), blir portrettert som ei enkel sjel, men innerst inne ligg det meir på lager, og dette klarar Jim Carrey å få [...]

Summerland sesong 1

13 episodar.
Denne serien gjekk unna. Eg veit ikkje heiltk korleis eg skal ordlegge meg, men serien har fleire element som minnar om «7th Heaven» (ein serie eg mislikar sterkt), men eg likar den framleis. Det kan godt vere dei pene damene, som ofte går i bikini, som villeiar meg. Den kvite sanden, sommaren og sola. [...]

Top Gear sesong 6

12 episodar.
Det beste bilprogrammet leverar nok ein god sesong!