Life As We Know It sesong 1
13 episodar.
Dei to siste episodane har latt vente på seg, og eg er skuffa over slutten. For det er i grunn ingen slutt, berre to ekstra episodar. Eg skal likevel ikkje klage, eg har gått i fleire månade utan å fått sett nokon slutt på serien, ettersom den blei kansellert i statane. Når dei to siste episode tilfeldigvis dukka opp på britisk TV, så var eg berre glad til.
For å likevel kalle det slutten, sidan det ikkje er laga meir, så var det ein lykkeleg slutt. Mange trådar står opne, men Dino og Jackie, Ben og Sue, dei er lykkelege. Jonathan og Deborah er venner, og det er bra. Angåande Jonathan og Polly, ingen informasjon her. Dino sine foreldre kjem seg vidare med livet. Eg er ikkje 100% når det gjeld faren, men det var noko i lufta med ei salsdame. Ein av tinga som ikkje blei opplyste om, var kva Deborah fann på etter å ha tenkt å flytte til L.A. Men i grunn så lurte eg ikkje på det veldig lenge, for eg bryr meg ikkje stort om denne serien.
Du taper ingen ting på å ikkje sjå denne, eller på i heile tatt å vite kva serie det eigentleg er. Einaste grunnen til at eg såg den var at eg ikkje hadde anna å finne på i periode januar-februar. Det er min unnskyldning, eg måtte komme med ei!
