Win a Date with Tad Hamilton! (2004)
Av dei mange romantiske komediane eg har sett den siste tida ligg denne høgare oppe. Det er ikkje så mykje komedie som det er eit romantisk drama, men når den først er morosam så er det bra saker.
Filmen gav meg ei god kjensle innvendig og fekk meg i god humør, og det med god grunn. For dette er ikkje noko typisk søppel. Få overtydelege klisjear, så det går greitt. Og eg må gi kudos til Topher Grace, som viser at han også kan gjere seriøse rollar på den store skjermen.
Topher Grace var vel eigentleg grunnen til at eg såg denne filmen i første omgang. For eg har sett ganske mykje av «That 70s Show» den siste tida, og prøver å utvide erfaringane med dei ulike folka frå den serien i filmar. Grace gjorde det godt i bl.a. «Traffic», og kunne vel holdt seg unna dei enkle og mest kommersielle titlane. Viss ein ikkje høyrer på Bruce Willis si meining: «You gotta do them too».
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

