Guess Who (2005)
User Rating: 5.3/10 (2,882 votes)
«Guess Who» enda opp med å bli heilt annleis enn det eg hadde forventa etter å ha sett filmtraileren. Ein filmtrailer eg nok gjorde feilen ved å sjå minst fem gonger. Ashton Kutcher er i hovudrolla her, saman med Bernie Mac. Førstnemnte når nok ikkje opp til «The Butterfly Effect»-høgder, og er ikkje så morosam som i «That 70s Show», men han innehar nok av dumheiter til at det akkurat går. Mac kunne også vore skarpare.
Konklusjonen min er; dette er ikkje verdt tida. Kutcher/Mac som motpolar kunne ha fungert langt betre på sitt beste. Vegen frå fiendar til venner, som er ei så lita overrasking at eg skriv det her, kunne ha vore lagt opp på ein heilt anna og meir overraskande måte.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
