Win a Date with Tad Hamilton! (2004)

IMDb: 5.8/10 (3,308 votes)

Win a date with Tad HamiltonAv dei mange romantiske komediane eg har sett den siste tida ligg denne høgare oppe. Det er ikkje så mykje komedie som det er eit romantisk drama, men når den først er morosam så er det bra saker.

Filmen gav meg ei god kjensle innvendig og fekk meg i god humør, og det med god grunn. For dette er ikkje noko typisk søppel. Få overtydelege klisjear, så det går greitt. Og eg må gi kudos til Topher Grace, som viser at han også kan gjere seriøse rollar på den store skjermen.

Topher Grace var vel eigentleg grunnen til at eg såg denne filmen i første omgang. For eg har sett ganske mykje av «That 70s Show» den siste tida, og prøver å utvide erfaringane med dei ulike folka frå den serien i filmar. Grace gjorde det godt i bl.a. «Traffic», og kunne vel holdt seg unna dei enkle og mest kommersielle titlane. Viss ein ikkje høyrer på Bruce Willis si meining: «You gotta do them too».

6/10

That ’70s Show sesong 4

27 episodar.

That 70s Show ses4Ein av dei beste sesongane, dette er That ’70s Show slik det skal vere!

Summerland sesong 2

13 episodar.

Summerland ses 2Som med den første sesongen, så er ikkje dette nokon serie som utmerkar seg på nokon områder. Den er veldig enkel, og blir sånn sett fengande og enkel å følge med på. Det er sol, kvite strender og damer i bikini her, så på ein måte ei grei erstatning for «Pacific Blue».

Life As We Know It sesong 1

Life As We Know It13 episodar.

Dei to siste episodane har latt vente på seg, og eg er skuffa over slutten. For det er i grunn ingen slutt, berre to ekstra episodar. Eg skal likevel ikkje klage, eg har gått i fleire månade utan å fått sett nokon slutt på serien, ettersom den blei kansellert i statane. Når dei to siste episode tilfeldigvis dukka opp på britisk TV, så var eg berre glad til.

For å likevel kalle det slutten, sidan det ikkje er laga meir, så var det ein lykkeleg slutt. Mange trådar står opne, men Dino og Jackie, Ben og Sue, dei er lykkelege. Jonathan og Deborah er venner, og det er bra. Angåande Jonathan og Polly, ingen informasjon her. Dino sine foreldre kjem seg vidare med livet. Eg er ikkje 100% når det gjeld faren, men det var noko i lufta med ei salsdame. Ein av tinga som ikkje blei opplyste om, var kva Deborah fann på etter å ha tenkt å flytte til L.A. Men i grunn så lurte eg ikkje på det veldig lenge, for eg bryr meg ikkje stort om denne serien.

Du taper ingen ting på å ikkje sjå denne, eller på i heile tatt å vite kva serie det eigentleg er. Einaste grunnen til at eg såg den var at eg ikkje hadde anna å finne på i periode januar-februar. Det er min unnskyldning, eg måtte komme med ei!

The Cable Guy (1996)

IMDb: 5.6/10 (17,298 votes)

Cable GuyOK film, men Jim Carrey var ikkje akkurat perfekt for rollen som The Cable Guy. Han er meir morosamt enn psyko. Dette kunne ha vore ein spennande thrillerfilm hadde det ikkje vore for han. Men komedie er det, og komedie var det nok meint å vere. Det eg tykkte var kult med filmen var korleis dei hadde putta inn andre kjente folk. Kyle Gass i ein mindre rolle som TV-slave, Jack Black spelte vennen til Steven M. Kovacs. Owen Wilson hadde ei rolle som Robins date, og Ben Stiller dukka opp på TV som ein mordar. Men så er dette ein Ben Stiller produksjon, så det er jo naturleg nok. Skodespelarar som Andy Dick og janeane Garofalo var også med i «The Ben Stiller Show» tidlegare på 1990-talet. Det er som ein stor familie!

6/10

That ’70s Show sesong 3

25 episodar.

That 70s Show ses3Knall sesong. No siktar eg mot neste.

The Truman Show (1998)

IMDb: 7.7/10 (65,140 votes)

The Truman ShowDette må vere den tredje gongen eg såg denne gode Jim Carrey komedien. Som er ein slags søken for ei meining i eit veldig spesielt miljø. Vår mann, Truman Burbank (Carrey), blir portrettert som ei enkel sjel, men innerst inne ligg det meir på lager, og dette klarar Jim Carrey å få fram.

Alle rundt Truman er falske skapningar, innleigde skodespelarar viss personeleg forhold er reint profesjonelle. Truman er midt oppi dette det motsette, ein varm person med god karisma. I denne søken etter ei meining får me ei nyasert blikk på det som skjer rundt Truman, men blir holdt litt på avstand frå dei innerste følelsane hans. Tilogmed scenene han snakkar med seg sjølv, som på badet i speigelen, så snakkar han ikkje om det han føler. Her ligg litt av utfordringa i filmen.

Men på overflata er dette ein glatt komedie, som ikkje lykkast nok til å skape ein ekstraordinær og djup film.

6/10

Summerland sesong 1

13 episodar.

Summerland ses 1Denne serien gjekk unna. Eg veit ikkje heiltk korleis eg skal ordlegge meg, men serien har fleire element som minnar om «7th Heaven» (ein serie eg mislikar sterkt), men eg likar den framleis. Det kan godt vere dei pene damene, som ofte går i bikini, som villeiar meg. Den kvite sanden, sommaren og sola. Og historien, eller historiane, er veldig enkle å følge med på, dei krever ingenting, for her er det ikkje vanskelegare enn kjærleik, glede og tårer. Her blir det å sjå andre sesong i same slengen.

Top Gear sesong 6

12 episodar.

Top Gear ses 6Det beste bilprogrammet leverar nok ein god sesong!

2 / 212