American Beauty (1999)

IMDb: 8.5/10 (121,231 votes)

American BeautyDrama? Dette er komedie, IMDb! Og det er god komedie. Kevin Spacey er eit geni. Mena Suvari er faktisk pen i denne filmen, og ingen slår Peter Gallagher i å vere slu og kul samtidig. Og at det er 6 år sidan eg såg denne filmen sist, eg hugsa den som det var i går!

7/10

Miss Congeniality 2: Armed and Fabulous (2005)

IMDb: 4.9/10 (3,917 votes)

Miss Undercover 2Ein ekte møkkafilm! Den første hugsar eg var heilt grei dårleg, men denne var verkeleg kjedeleg dårleg!

2/10

Do the Right Thing (1989)

IMDb: 7.7/10 (10,342 votes)

Do the Right ThingFlott film. Ser ut som den har vore inspirasjon for bl.a. den type film sine «Friday»-filmar er, og «Barbershop», ikkje minst.

7/10

Weeds sesong 1

10 episodar.

Weeds ses 1Ein morosam ide, å legge serien til ein roleg forstad i USA, og gi ei husmor rollen som langar av marijuana. Men personleg tykkte eg serien sitt tempo var for lågt, og den handla tross alt ikkje om så mykje anna enn ei dame som sel marijuana. Så serien kjem nok ikkje inn på topplista mi over komediar. Hamp fungerar gjerne som eit middel i highschool-filmar, men for ein heil serie?

Det ser ut til at serien blir fornya, og på grunn av sesongavslutninga her vil eg nok sjekke ut kva den andre sesongen vil by på, men eg ventar nok til den er fullført.

Ondskan (2003)

IMDb: 7.8/10 (2,832 votes)

OndskanEit godt drama. Grusom og intim på enkelte punkt, men det er jo styrken til filmen.

7/10

The Rundown (2003)

IMDb: 6.5/10 (9,553 votes)

The RundwonMorosamt og god spenning, men verken nyskapande eller noko som tek lufta ut av ein.

6/10

Ace Ventura: When Nature Calls (1995)

IMDb: 5.0/10 (17,125 votes)

Ace Ventura When Nature CallsDen første filmen var mykje betre, denne hadde berre eit fåtall gode scener, og var dårleg putta saman. Svakt.

5/10

The Pacifier (2005)

IMDb: 5.2/10 (5,716 votes)

PacifierLikar du å sjå filmar der skodespelarar, vanlegvis kjent for å gjere helterollar, synk så djupt som å spele i ein familiekomedie? Då er dette filmen for deg!

Ok, Van Diesel, eg skjønnar du er på jakt etter nytt publikum.

4/10

The Wedding Date (2005)

IMDb: 5.2/10 (2,587 votes)

The Wedding DateEin ekte tam romantisk komedie som eg ikkje ville gitt fem flate ører for.

5/10

Meitantei Conan: Seikimatsu no Majutsushi (1999)

IMDb: 8.6/10 (11 votes)

Conan DetectivePå høgde med den forrige «Meisterdetektiv Conan» filmen eg såg. God musikk, og masse av action pakkar rundt ein spennande historie.

Engelsk tittel her er forsåvidt «Detective Conan: The Last Magician of the Century».

6/10
1 / 3123