Filmdagbok
ness
27-okt-2005

Weeds sesong 1

Weeds ses 110 episodar.

Ein morosam ide, å legge serien til ein roleg forstad i USA, og gi ei husmor rollen som langar av marijuana. Men personleg tykkte eg serien sitt tempo var for lågt, og den handla tross alt ikkje om så mykje anna enn ei dame som sel marijuana. Så serien kjem nok ikkje inn på topplista mi over komediar. Hamp fungerar gjerne som eit middel i highschool-filmar, men for ein heil serie?

Det ser ut til at serien blir fornya, og på grunn av sesongavslutninga her vil eg nok sjekke ut kva den andre sesongen vil by på, men eg ventar nok til den er fullført.

 
Jone Eide har sagt:

Cannabis-kulturen er gigantisk på verdensbasis så det er neppe bare for å trekke til seg “highschool” fans.

For de som ikke har fått det med seg har sesong 2 begynt i USA, for å se kalender over episodene, se denne siden: http://www.tvtid.com/serier/weeds

ness har sagt:

Poenget var ikkje å sammenligne med publikummet til den typiske highschool cannabisfilmen, men å spørre om cannabis er nok som den originale vrient som skal få denne serien til å skille seg ut som ein komedie.

Det er jo opp til den enkelte, men for meg var det ikkje nok, og serien vil sånn sett ikkje, eller har ikkje for å vere meir tidskorrekt, fått fast plass i TV-programmet mitt. Det er ein serie som eg vil foretrekke å sjå på eit sesongbasert basis, dvs. oppsamla, ferdig.

Fin side forresten, skal melde meg inn og sjekke ut. På tide det kjem ei norsk TV community side som det der. Likevel om TVRage er fin som kalendar er det godt å ha norsk lesestoff.