Barbershop sesong 1
10 episodar.
Samanlikna med den andre Showtime-komedien eg har sett på i den siste tida, «Weeds», så tykkjer eg denne ligg nokre hakk over med tanke på dialogane. Det er ikkje den beste komedien eg har sett, men eg likar «Barbershop»-konseptet. Og eg likar generelt on-location betre enn sitcoms når det gjeld TV-komediar, og «Scrubs» er ein klar favoritt.
Viss det kjem ein andre sesong ser eg for meg at eg vil sjå den etter den er ferdig å gå på TV, for eg vil ikkje klare å følge med på denne på eit vekeleg basis, så god er den ikkje.
Omar Gooding sin versjon av Ice Cubes Calvin var god, og kanskje betre enn originalen?
