Filmdagbok
ness
16-nov-2005

The Sopranos sesong 5

The Sopranos ses 513 episodar.

Min andre gjennomgang av femte sesong, men er det ein serie som har god gjensjåingsfaktor, så er det The Sopranos. Einaste ulempa ved å sjå denne sesongen no er at eg må vente heile 4 månader på neste. Men med gode minner frå denne sesongen vil eg kunne klare å gå ei lita stund utan.

For første gong har eg faktisk klart å fordele episodane over meir enn 1 veke, og sett i snitt under 1 episode dagen, så eg har fått tid til å dvele på kvar episode litt lengre. Ein fin ting.

 
ness
13-nov-2005

Lords of Dogtown (2005)

Lords of DogtownUser Rating: 6.4/10 (2,395 votes)

Den beste rullebrettfilmen eg har sett, fakta f! Også ein av dei beste sportsfilmane. Eg sakna litt vidare historie rundt personane, men det hadde ikkje hatt noko å sei for Zephyr. Slutten er litt for open, men godt skodespel og artig ’skating’ gjer at eg slett ikkje vil klage.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
13-nov-2005

American Pie Presents Band Camp (2005)

American Pie Presents Band Camp (2005)User Rating: 5.2/10 (636 votes)

For å vere heilt ærleg, eg hadde ingen forventingar til denne filmen. Men berre to av personane frå den origianle rollebesetninga frå dei ekte «American Pie»-filmane, Eugene Levy og Chris Owen, korleis kan det vere mogleg å levere noko? Vel, «American Wedding» var ikkje store greiene heller, men den var i det minste laga med tanke på kino (framfor rett-på-video). «Band Camp» gir oss med rett-på-video statusen sin oss ingen grunn til å tenke høge tankar om den.

«Band Camp» er ein spin-off som spinn rundt Steve Stifler sin yngre bror, Matt. Det er ikkje den same fyren som spela Matt i dei andre filmane, men ein ny fyr som eigentleg ser ut til å passe betre inn.

Ingen forventningar til tross, filmen går greitt unna. Matt startar som ein trøbbelmakar, som prøver å leve opp til broren sin legendestatus, men endrar seg etter kvart til å bli snillar, ingen overrasking her. Filmen er langt i frå noko nytt, men sper på med kjente «American Pie» element: Flaue scener, nerder, osv. Forskjellen er, Matt er ikkje Jim(bo), han er ein Stifler tvers gjennom, så komikken blir ganske annleis når han rotar ting til.

Finn derimot aldri på å betale for å sjå denne filmen!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
12-nov-2005

Barbershop sesong 1

10 episodar.

Barbershop ses 1Samanlikna med den andre Showtime-komedien eg har sett på i den siste tida, «Weeds», så tykkjer eg denne ligg nokre hakk over med tanke på dialogane. Det er ikkje den beste komedien eg har sett, men eg likar «Barbershop»-konseptet. Og eg likar generelt on-location betre enn sitcoms når det gjeld TV-komediar, og «Scrubs» er ein klar favoritt.

Viss det kjem ein andre sesong ser eg for meg at eg vil sjå den etter den er ferdig å gå på TV, for eg vil ikkje klare å følge med på denne på eit vekeleg basis, så god er den ikkje.

Omar Gooding sin versjon av Ice Cubes Calvin var god, og kanskje betre enn originalen?

 
ness
11-nov-2005

A History of Violence (2005)

History of ViolenceUser Rating: 7.6/10 (9,564 votes)

Ein av dei betre thrillerane eg har sett i det siste. Den viser oss (ev. berre meg) at Cronenberg verkeleg kan det med detaljar. Filmen har noko over seg, som gir meg ei kjensle av å vere ein mindre god skrekkfilm, men likevel på ein god måte. Eg veit det høyres rart ut. Men det er noko her som får meg til å tenke på dette som ein A-film og.

Min konklusjon blir at dette er ein film vel verdt å sjå. Så du vil sikker ikkje angre på det om du vel denne framfor mange andre krim/thriller filmar frå 2005.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-nov-2005

Assault on Precinct 13 (2005)

Assault on Precinct 13User Rating: 6.4/10 (6,847 votes)

God som rein spenningsfilm, men elles ganske lik mykje anna. Eg vart elles overraska over at eg ikkje oppdaga noko særleg av feil i filmen, for eg sat mest å konsentrerte meg om å oppdage det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-nov-2005

Kopps (2003)

KoppsUser Rating: 6.7/10 (2,841 votes)

Genialt kvart eit minutt! Den beste svenske politifilmen som er!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-nov-2005

Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit (2005)

Wallace and Gromit in the Curse of the Were-RabbitUser Rating: 8.1/10 (5,592 votes)

Så mange kjekke ordspel, god bruk av referansar til skrekkfilmar og andre klassikarar. Filmen leverar sterkt på latterfronten. Den beste animerte filmen eg kan hugse å ha sett i år, tett etterfulgt av The Madagascar Penguins in a Christmas Caper, ein kortfilm som blei sendt før visinga av Wallace & Gromit.

Her får me britisk humor på sitt beste, og det er ikkje tvil om at ein lang film med desse modelleireklumpane fungerar like godt som tre korte. Absolutt anbefalt!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-nov-2005

The Dukes of Hazzard (2005)

Dukes of HazzardUser Rating: 4.5/10 (5,413 votes)

Eg kan i grunn ikkje sjå kvifor denne filmen har fått knappe 4.5 på IMDb-skalaen. Den var morosam, køyringa var passe vill. Sean W. Scott er jo idiot-helten, og J. Knoxville kan lire av seg eit par vitsar han og. Frå meg, som vanlegvis ikkje opererar med tal, så ville eg ha gitt denne minst 6, som er godt for ein slik komedie til å vere!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10