Arkivet til des-2005

Hauru no ugoku shiro (2004)

IMDb: 7.9/10 (5,582 votes)
Ikkje på nær så god som «Spirited Away», men fortastt ein god anime. Mange detaljar og ei grei historie.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Brothers Grimm (2005)

IMDb: 5.9/10 (8,228 votes)
Gløymte nesten å skrive ned her at eg hadde sett denne filmen, det seier vel kanskje nok om filmopplevinga.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Ed Wood (1994)

IMDb: 8.0/10 (27,248 votes)
Frå same år som det var OL på Lillehammer kjem dette gode portrettet av Ed Woods liv. Tolka av Johnny Depp, følger me Ed gjennom byrjinga av karrieren hans.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Top Gear sesong 7

6 episodar.
Nok ein god sesong med Top Gear, men kanskje litt vel kort. Episodane er tvers over godt underhaldande, og har høg gjensjåingsverdi.

Broken Flowers (2005)

IMDb: 7.5/10 (6,125 votes)
Eg har ikkje heilt den store tiltrua til folk, og tenker med ein gong når eg har funne ein fin, roleg og spesiell film, at eg nok er den einaste som vil like den. Det tenkte eg etter å ha sett denne og. Jim Jarmusch har skrive og regissert denne gode blandinga [...]

Mickey’s Magical Christmas: Snowed In at the House of Mouse (2001)

IMDb: 4.9/10 (147 votes)
Denne filmen gav meg ingen god gammal Disney julestemning. For det meste nye teiknefilmar, med eit par klassiskarar innimellom — som er å foretrekke. Av alle teiknefilmane som blir viste her, foretrekk eg eg den om Scrooge på slutten. Men skal eg vere ærleg, så kjeda eg meg.
Vurdering: 1 2 3 4 [...]

The Exorcism of Emily Rose (2005)

IMDb: 6.7/10 (5,912 votes)
Eit par gode scener, men det var alt. Mot slutten kjeda eg meg. Dog Laura Linney gjorde ei god rolle som Erin Bruner, det var positivt!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Rome sesong 1

12 episodar.
Ein veldig god serie. Kjempekvalitet på både bilde, lyd og setting. Anbefalt!

The Island (2005)

IMDb: 6.8/10 (16,833 votes)
Her var det mykje dataanimasjonar, produktplassering, men eg hadde forventa meg meir. Sånn sett er eg overraska. Bortsett frå det så er ikkje dette ein film som er verdt å legge merke til. Typisk PR-hype!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The 40 Year Old Virgin (2005)

IMDb: 7.5/10 (12,738 votes)
Ein artig vri. Det blir som Jimbo frå American Pie, 23 år etter, viss han aldri hadde fått seg med Michelle. Trist type dette her.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

King Kong (2005)

IMDb: 8.3/10 (11,383 votes)
Altfor lang, altfor mykje bråk. Eg var rett og slett trøytt av det etter ei stund. Det som var meint å vere trist, var ikkje trist, og det som var meint å vere morosamt, var ikkje morosamt. Sjølve filmproduksjonen er i og for seg ikkje så dum den, det osar av kvalitet [...]

Charlie and the Chocolate Factory (2005)

IMDb: 7.5/10 (28,714 votes)
Ein grei familiefilm rett nok, men det er ikkje lagt nok inn i dataanimasjonen her til at eg føler eventyrverden (les: fabrikken) klarar å omfamne meg. Johnny Depp spelar som oftast godt, men Freddie Highmore som vesle Charlie er meir imponerande å følge. Så ung, men likevel så truverdig. Alt i alt [...]

Serenity (2005)

IMDb: 8.1/10 (27,191 votes)
Bra gjort, Whedon! Ein verdig fortsetting på TV-serien «Firefly» etter min smak. Den hadde alt som skulle til, og det var bra gjennomført. Nokre trist stunder innimellom for oss «Firefly» fans, men dei gjer kanskje filmen meir komplett, meir truverdig blant all science fictionen. Humoren er kjempe, og den passar godt til [...]

Le Transporteur II (2005)

IMDb: 6.1/10 (3,890 votes)
Herregud! Eg håpar seriøst dette er meint å vere ein spøk frå Luc Besson si side for å vise kor langt ein kan komme med eit etablert namn som regissør, eller noko i den retninga. Å gå frå «Fifth Element» og «Leon» til dette? Det skal ikkje gå an. Stunta her er [...]

Firefly sesong 1

15 episodar.
Det er berre ein ting å sei: Knallserie! Eg kan nesten ikkje vente til «Serenity» kjem. Om eg ser fram til den? Gjett for f!

The Interpreter (2005)

IMDb: 6.6/10 (12,336 votes)
Ikkje mykje av verken det eine eller andre her. Dette er ein gjennomsnittleg film med ei søt Nicole Kidman i hovudrolla. At den er gjennomsnittleg betyr at det verken er for mykje drama, spenning, klisjear eller kjærleik. Filmen har eit moderne preg, ingen kyssing i solnedgang her, beklagar folkens! Faktisk er det [...]

The Descent (2005)

IMDb: 7.4/10 (4,295 votes)
Elskverdig horror og thriller. Det beste på sitt felt eg har sett på veldig lenge.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Casino (1995)

IMDb: 7.8/10 (31,763 votes)
Martin Scorsese og Robert De Niro er lik god film. Lang, men kjekk. God detaljert vald for alle og einkvar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Bridget Jones: The Edge of Reason (2004)

IMDb: 5.8/10 (9,048 votes)
Etter å ha blitt teke godt vare på i fleire månader på den digitale lagringsdisken min, så var det på tid for meg å sjå denne filmen. Filmen stod til forventingane, som ikkje var noko store. Dette er på nivå med den første filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 [...]

Jerry Maguire (1996)

IMDb: 7.3/10 (38,290 votes)
Årets beste film! Eller ikkje! Eg skal ikkje gjere narr av denne, det er ein godt laga film, trass blandinga av sport, romanse og lun familiehumor, og den typiske lykkeleg til ulykkeleg og lykkeleg igjen historien.
Men vegen dit er lang og humpete, meir enn eg har sett i like filmar på ei [...]