Serenity (2005)
Bra gjort, Whedon! Ein verdig fortsetting på TV-serien «Firefly» etter min smak. Den hadde alt som skulle til, og det var bra gjennomført. Nokre trist stunder innimellom for oss «Firefly» fans, men dei gjer kanskje filmen meir komplett, meir truverdig blant all science fictionen. Humoren er kjempe, og den passar godt til persongalleriet slik eg kjenner dei frå serien. Men viss det var westerndelen av serien som sjarmerte deg, så kan det godt vere du blir skuffa, for her er det andre saker som har blitt prioritert.
Ein anna ting eg elska med denne filmen er at dataanimasjonen har blitt godt skjult, og at historien ikkje er avhengig av spesialeffektar til å fylle bilde. Det er animasjon her, og sikkert nok av det, men når det gjeld slåssing til River så er det ikkje brukt. Det er meint å gi ei ekte stemning, og ikkje berre følge i fotspora til mange andre filmar i sjangeren.
Viss du har planar om å sjå filmen, noko eg sterkt vil anbefale, så vil eg også anbefale deg å sjå serien. Helst først. Den er kanskje ikkje heilt komplett, men det kan filmen bøte mykje på. «Firefly» er vel verdt 10 timar!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

