King Kong (2005)
Altfor lang, altfor mykje bråk. Eg var rett og slett trøytt av det etter ei stund. Det som var meint å vere trist, var ikkje trist, og det som var meint å vere morosamt, var ikkje morosamt. Sjølve filmproduksjonen er i og for seg ikkje så dum den, det osar av kvalitet i kulisser (les: blåskjerm og dataanimasjon). Men la deg ikkje blinde av namnet Peter Jackson, for dette er ingen 8. underverk.
For å vere litt snill her. Skodespelarane! Eg har sansen for Naomi Watts, ho er ei sann Hollywoodstjerne, men får ikkje responsen ho fortenar frå den store apekatten, som eigentleg ikkje er der. Så det føles ikkje så ekte. Jack Black gjer det han kan, nemleg å bruke mykje kroppsspråk og ansiktsuttrykk i si tolking av Carl Denham. Adrien Brody er her, men eg legg ikkje så mykje merke til han, kjærleikshistorien mellom rollefiguren hans Jack Driscoll og Watts’ Ann Darrow kjem likssom litt i skuggen. Kanskje det er ein god ting? Colin Hanks, kjent frå bl.a. «Orange County» og «Roswell» kan også spele, men filmen hadde klart seg utan rolla hans. Er han meint å vere fornuften som held Mr. Denham tilbake? Og Andy Serkis, kva gjer han her?
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
