Broken Flowers (2005)
User Rating: 7.5/10 (6,125 votes)
Eg har ikkje heilt den store tiltrua til folk, og tenker med ein gong når eg har funne ein fin, roleg og spesiell film, at eg nok er den einaste som vil like den. Det tenkte eg etter å ha sett denne og. Jim Jarmusch har skrive og regissert denne gode blandinga av bilder, lyd og ei rar historie, og Bill Murray passar perfekt som det rare midtpunktet. Ingen overraskande rolle for han etter å ha spelt i «Lost In Translation» og «The Life Aquatic with Steve Zissou».
Eit par andre interessante ansikt dukkar også opp: Ryan Donowho (Johnny i «The O.C.») og Alexis Dziena (Kira i «Invasion»). Dziena sin rollefigur Lolita refererar direkte til Nabokov sin lyriske og mørke komiske roman utan utan å vere heilt klar over at med kvart einaste forførariske slikk på kjærleik på pinnen, så følger ho romanens skjebne.
Som konklusjon til denne filmen vil eg enkelt å greitt seie at eg vil foretrekke denne framfor «The Life Aquatic with Steve Zissou».
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
