King Kong (2005)

IMDb: 8.3/10 (11,383 votes)

King KongAltfor lang, altfor mykje bråk. Eg var rett og slett trøytt av det etter ei stund. Det som var meint å vere trist, var ikkje trist, og det som var meint å vere morosamt, var ikkje morosamt. Sjølve filmproduksjonen er i og for seg ikkje så dum den, det osar av kvalitet i kulisser (les: blåskjerm og dataanimasjon). Men la deg ikkje blinde av namnet Peter Jackson, for dette er ingen 8. underverk.

For å vere litt snill her. Skodespelarane! Eg har sansen for Naomi Watts, ho er ei sann Hollywoodstjerne, men får ikkje responsen ho fortenar frå den store apekatten, som eigentleg ikkje er der. Så det føles ikkje så ekte. Jack Black gjer det han kan, nemleg å bruke mykje kroppsspråk og ansiktsuttrykk i si tolking av Carl Denham. Adrien Brody er her, men eg legg ikkje så mykje merke til han, kjærleikshistorien mellom rollefiguren hans Jack Driscoll og Ann Darrow (Watts) kjem likssom litt i skuggen. Kanskje det er ein god ting? Colin Hanks, kjent frå bl.a. «Orange County» og «Roswell» kan også spele, men filmen hadde klart seg utan rolla hans. Er han meint å vere fornuften som held Mr. Denham tilbake? Og Andy Serkis, kva gjer han her?

6/10

Charlie and the Chocolate Factory (2005)

IMDb: 7.5/10 (28,714 votes)

Charlie and the Chocolate FactoryEin grei familiefilm rett nok, men det er ikkje lagt nok inn i dataanimasjonen her til at eg føler eventyrverden (les: fabrikken) klarar å omfamne meg. Johnny Depp spelar som oftast godt, men Freddie Highmore som vesle Charlie er meir imponerande å følge. Så ung, men likevel så truverdig. Alt i alt ein film du bør ha sett frå 2005, men ikkje topp 10 materiale hjå meg.

6/10

Serenity (2005)

IMDb: 8.1/10 (27,191 votes)

SerenityBra gjort, Whedon! Ein verdig fortsetting på TV-serien «Firefly» etter min smak. Den hadde alt som skulle til, og det var bra gjennomført. Nokre trist stunder innimellom for oss «Firefly» fans, men dei gjer kanskje filmen meir komplett, meir truverdig blant all science fictionen. Humoren er kjempe, og den passar godt til persongalleriet slik eg kjenner dei frå serien. Men viss det var westerndelen av serien som sjarmerte deg, så kan det godt vere du blir skuffa, for her er det andre saker som har blitt prioritert.

Ein anna ting eg elska med denne filmen er at dataanimasjonen har blitt godt skjult, og at historien ikkje er avhengig av spesialeffektar til å fylle bilde. Det er animasjon her, og sikkert nok av det, men når det gjeld slåssing til River så er det ikkje brukt. Det er meint å gi ei ekte stemning, og ikkje berre følge i fotspora til mange andre filmar i sjangeren.

Viss du har planar om å sjå filmen, noko eg sterkt vil anbefale, så vil eg også anbefale deg å sjå serien. Helst først. Den er kanskje ikkje heilt komplett, men det kan filmen bøte mykje på. «Firefly» er vel verdt 10 timar!

8/10

Le Transporteur II (2005)

IMDb: 6.1/10 (3,890 votes)

Transporter 2Herregud! Eg håpar seriøst dette er meint å vere ein spøk frå Luc Besson si side for å vise kor langt ein kan komme med eit etablert namn som regissør, eller noko i den retninga. Å gå frå «Fifth Element» og «Leon» til dette? Det skal ikkje gå an. Stunta her er så overdrevne at det kan få ein mann til å grine. Og nokre av effektane her er så dårlege, at at ein venn av meg sa han kunne lage det betre i badekaret!

Men i det minste så kjeda me oss ikkje i hjel, dårlege filmar kan jo av og til nyttast som komedie, og me hadde nokre latterbomber innimellom her.

4/10

Firefly sesong 1

15 episodar.

Firefly ses 1Det er berre ein ting å sei: Knallserie! Eg kan nesten ikkje vente til «Serenity» kjem. Om eg ser fram til den? Gjett for f!

The Interpreter (2005)

IMDb: 6.6/10 (12,336 votes)

The InterpreterIkkje mykje av verken det eine eller andre her. Dette er ein gjennomsnittleg film med ei søt Nicole Kidman i hovudrolla. At den er gjennomsnittleg betyr at det verken er for mykje drama, spenning, klisjear eller kjærleik. Filmen har eit moderne preg, ingen kyssing i solnedgang her, beklagar folkens! Faktisk er det fordi dei ikkje har ikkje har putta inn dei typiske stereotypane og klisjeane frå andre filmar i same sjanger, grunnen til at filmen er så god som gjennomsnittleg.

6/10

The Descent (2005)

IMDb: 7.4/10 (4,295 votes)

The DescentElskverdig horror og thriller. Det beste på sitt felt eg har sett på veldig lenge.

8/10

Casino (1995)

IMDb: 7.8/10 (31,763 votes)

CasinoMartin Scorsese og Robert De Niro er lik god film. Lang, men kjekk. God detaljert vald for alle og einkvar.

7/10

Bridget Jones: The Edge of Reason (2004)

IMDb: 5.8/10 (9,048 votes)

Bridget Jones The Edge of ReasonEtter å ha blitt teke godt vare på i fleire månader på den digitale lagringsdisken min, så var det på tid for meg å sjå denne filmen. Filmen stod til forventingane, som ikkje var noko store. Dette er på nivå med den første filmen.

6/10

Jerry Maguire (1996)

IMDb: 7.3/10 (38,290 votes)

Jerry MaguireÃ…rets beste film! Eller ikkje! Eg skal ikkje gjere narr av denne, det er ein godt laga film, trass blandinga av sport, romanse og lun familiehumor, og den typiske lykkeleg til ulykkeleg og lykkeleg igjen historien.

Men vegen dit er lang og humpete, meir enn eg har sett i like filmar på ei stund. Så det går fint an å late seg underhalde av denne.

7/10
2 / 3123