IMDb: 6.5/10 (37,509 votes)
Når eg leita rundt i Filmdagbok i dag etter innlegg eg kunne lenke saman, fann eg ut at eg hadde gløymt å skrive om «Top Gun». Eit bevis på at glippar kan skje.
Det eg hugsar frå filmen av betydning er som følgande: Dette er ikkje favorittsjangeren min. Musikken, miljøet, rollefigurane, alt er ti hakk for mykje ispedd amerikansk fedrelandskjærleik. Det er lov å vere glad i landet sitt, men ver så snill! Og ikkje legg skulda på meg for at har sett filmen, eg kunne ikkje vite at det var så gale før eg hadde sett den.
5/10
IMDb: 7.5/10 (1,124 votes)
Eg har sansen for ein litt langsom, kunstnerisk film innimellom, men denne var for langsom. Den var heller ikkje særleg morosam, og heller ikkje særleg trist. Viss du planlegg å sjå ein film spesifikt utgitt av Sony Pictures Classics i nær framtid, sjå «Thumbsucker».
6/10
Eg har raskt laga ei liste over nokre filmar som eg hugsar frå året som har gått. Eg har prøvd å plukke ut dei beste som eg kunne hugse, men det er ikkje nødvendigvis alle som er 100% favorittar. For etter å ha sett 200 filmar, så er det vanskeleg å finne dei beste.
Beste action: «Ong-bak (2003»
Beste adventure: «Batman Begins (2005)»
Beste animation: «Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit (2005)»
Beste biography: «Man on the Moon (1999)»
Beste comedy: «Sideways (2004)»
Beste crime: «A History of Violence (2005)»
Beste documentary: «Jeremy Clarkson : Heaven & Hell (2005)»
Beste drama: «Broken Flowers (2005)»
Beste family: «Sen to Chihiro no kamikakushi (2001)»
Beste fantasy: «Harry Potter and the Goblet of Fire (2005)»
Beste history: «Hotel Rwanda (2004)»
Beste horror: «The Descent (2005)»
Beste music: «The Doors (1991)»
Beste musical: «Corpse Bride (2005)»
Beste mystery: «Donnie Darko (2001)»
Beste romance: «Love Actually (2003)»
Beste sci-fi: «Serenity (2005)»
Beste sport: «Lords of Dogtown (2005)»
Beste thriller: «The Butterfly Effect (2004)»
Beste war: «The Pianist (2002)»
Beste western: «Maverick (1994)»
Det totale antallet filmar eg har sett i løpet av år 2005 er 197.
IMDb: 8.1/10 (16,779 votes)
Så har eg fått sett den sjølv, ein av år 2005 sine mest omdiskuterte filmar. For å vere ærleg, så er det faktisk eit veldig godt drama, og trist. Filmen strekk seg over mange år, og ting skjer difor i eit visst tempo. Det er ingen openheit om kva folk eigentleg tenker her, men meir av ei fluge på veggen film. Du ser det som skjer, men du veit ikkje kvifor folk gjer det dei gjer, og ikkje.
Det er ikkje til Ã¥ unngÃ¥ Ã¥ nemne at filmen handlar om to homofile, det er grunnmuren i filmen, og hadde ein erstatta eine fyren med ei dame… sÃ¥ hadde kanskje filmen vorte sÃ¥ meiningslaus at den hadde vore artig? PÃ¥ grunn av at det omhandlar to homofile, sÃ¥ har eg delte meiningar om dei mest intense scenene. Det er godt skodespel, men det blir ein distanse mellom dette og mitt syn pÃ¥ røynda.
7/10
IMDb: 2.9/10 (2,755 votes)
Viss det ikkje hadde vore for at Tom Welling («Smallville») og Maggie Grace («Lost»), så hadde eg aldri lagt merke til filmen eingong. Den er dårleg, men fortenar kanskje ikkje ein plass på IMDb bottom 100. Eg vil tru det finst minst 100 filmar som er dårlegare enn denne. Men ein ting er sikkert, eg ville aldri ha betalt for å sjå denne, men eg ser den gjerne igjen om eg får betalt.
Oppdatert: Filmen ligg ikkje på IMDb bottom 100 lengre, så no har eg rett i at det finst minst 100 filmar som er dårlegare.
4/10
IMDb: 6.5/10 (26,349 votes)
Ein av dei betre spenningskomediane eg har sett. Full gass tvers igjennom. Og med eit glimt i auge frå både Angelina Jolie og Brad Pitt. Ei absolutt nødvendigheit å sjå for Jolie-fans, noko eg sjølv reknar meg som, likevel om eg ligg litt etter i å få sett alle filmane hennar.
6/10
IMDb: 7.9/10 (64,013 votes)
Dette er skrudd! Men godt! Og litt for langt!
7/10
IMDb: 5.1/10 (1,117 votes)
James Van Der Beek klarte ikkje heilt å stå fram som ein ekte revolvarmann i denne filmen som er ein typisk western om det gode mot det onde. Altså ingen film ut av det ordinære. Litt kjedeleg faktisk.
5/10
IMDb: 7.1/10 (1,310 votes)
Eg trur dette er ein film om forandring. Omtrent alle i filmen forandrar seg, enten som korleis dei blir sett på av andre, eller korleis dei faktisk er. Forandring er å prøve å realisere seg sjølv, og bli det du føler du treng å bli. Det er også om kva du treng andre å vere.
Dette er ein veldig roleg film, som unngår å stresse deg opp unødvendig. Å sei at den var interessant vil ikkje vere heilt korrekt, men den fengsla meg på sin måte og eg måtte vite kva som kom til å skje. Handlinga er litt sløv, eller kanskje enkel er eit betre val av ord. Det er prøver å sei er at historien i byrjinga baserte seg rundt tommelsugingsproblemet til Justin, og var på kanten i å vere snål. Heldigvis blei ting meir komplisert, og ting blei viktigare enn å spare tennene til Justin. Tommelsuginga blei altså redusert til å vere eit underliggande problem, og det blei fokusert på viktigare ting.
Det er tydelege forsøk på å skape ein kunstnerisk film, men er heldigivis ikkje dratt ut til dei grader at det blir uforståeleg. Faktisk er dette ein tilnærma perfekt miks av Hollywood og kunst. Ikkje Hollywood-Hollywood, men forståeleg og mogleg å følge handlinga. Til den grad dette var ein kunstfilm, så var det ein del spørsmål eg stod igjen med etter enda speletid. Mange av rollefigurane var så komplekse at det nok ville ha tatt mykje lengre tid å prøve å forklare tankegongen deira, og ikkje minst dei individuelle historiane. Men så er det her ein sjanse å tenke litt sjølv. Mor deg!
7/10
IMDb: 6.8/10 (3,924 votes)
Så forutsigbar som at døgnfluger dør, men ein grei film. Søte Reese Witherspoon varmar hjarte, Mark Ruffalo gjer ei grei rolle og Jon Heder er akkurat spesiell nok til å bli interessant også i denne filmen.
Den einaste grunnen til Ã¥ sjÃ¥ denne filmen er at den ikkje krever noko av deg, og gir ei god kjensle ved Ã¥ vere ei fin kjærleikshistorie pÃ¥ den morosamme mÃ¥ten. Og viss du er opp for ein film med ein lykkeleg slutt…
7/10