Four Weddings and a Funeral (1994)
Viss det var opp til meg, så ville ikkje dette ha vore den første ekte filmen eg satte meg ned med i år, men så er det slik at det ikkje er opp til meg å bestemme kva som går på TV når eg ikkje har betre å finne på.
Noko eg la merke til i filmen denne gongen, som eg ikkje tenkte over sist gong eg såg den er at Andie MacDowell sug som skodespelar, og dette er ikkje ein så altfor god romantisk komedie. Den har eit fåtall av gode vitsar og poeng, men historien er totalt forutsigbar og tek vekk gleden ein kunne ha hatt av å sjå filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
