Northern Exposure sesong 1
8 episodar.
Ein av dei kortaste sesongane eg har sett sidan «American Dad» og «Tilt». No etter å ha sett den ferdig er eg fornøgd over kvaliteten på episodane, men angåande bilde- og lydkvalitete så kunne den ha vore betre. Eg ønskar eg hadde kjøpt ein anna versjon, viss det finst, med meir bonusmateriell og oppussa bilde/lyd. Men med tanke på prisen, så fekk eg veldig mykje ut av denne pakken.
Kvifor likar eg denne serien? Det er enkelt å svare på, den har ein varm form for humor og kjennes ekte. Nokon episodar har tydelege grep av å vere overnaturlege, men når alt kjem til alt, er det rollefigurane og omgivnadane som gir ei kjensle av ynde. Ein varm flekk i det kalde Alaska. Eg hugsar litt frå den gongen eg såg dette på TV frå eg var yngre. Eg såg ikkje fast, for det gjekk seint på laurdagskvelden, men eg hugsar det gav meg den same kjensla av å sjå det den gongen som no.
Dette er ein god familieserie, og eg ser fram til sesong 2 på DVD.
