The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe (2005)
Etter ein lang og roleg opning, framleis filmen i same bane, den gjekk aldri opp i tempo. Ingenting stort ved denne som ved Lord Of The Rings.
Eg har danna meg eit bilde av TV-serien som mykje meir omfattande og interessant. Men har ikkje tenkt å dobbelsjekke no så mange år etter. Eg er redd eg ville ha blitt frykteleg skuffa. Men tilbake til filmen, ikkje eingong den typiske “me er alle ein stor familie som tykkjer om kvarandre” slutten fekk meg til å føle meg involvert.
Ikkje verdt fem flate ører. Les boka eller sjå TV-serien, men helst før du fyller 15.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

