Northern Exposure sesong 2
7 episodar.
Så var eg ferdig med andre sesong og. 7 episodar er i kortaste laget, men det gjer at eg ser ganske så mykje fram til den tredje sesongen, som har ei normal lengde på over 20 episodar. Men fram til då, så vil eg hive meg over andre sesong av Lois & Clark, som eg akkurat har kjøpt.
Northern Exposure fortset i same bane som første sesong, som om dei to sesongane var ein og same.
