ness
24-jan-2006

Brokeback Mountain (2005)

Brokeback MountainIMDb: 8.1/10 (16,779 votes)

Så har eg fått sett den sjølv, ein av år 2005 sine mest omdiskuterte filmar. For å vere ærleg, så er det faktisk eit veldig godt drama, og trist. Filmen strekk seg over mange år, og ting skjer difor i eit visst tempo. Det er ingen openheit om kva folk eigentleg tenker her, men meir av ei fluge på veggen film. Du ser det som skjer, men du veit ikkje kvifor folk gjer det dei gjer, og ikkje.

Det er ikkje til å unngå å nemne at filmen handlar om to homofile, det er grunnmuren i filmen, og hadde ein erstatta eine fyren med ei dame… så hadde kanskje filmen vorte så meiningslaus at den hadde vore artig? På grunn av at det omhandlar to homofile, så har eg delte meiningar om dei mest intense scenene. Det er godt skodespel, men det blir ein distanse mellom dette og mitt syn på røynda.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10