Filmdagbok
ness
28-jan-2006

Top Gun (1986)

Top GunUser Rating: 6.5/10 (37,509 votes)

Når eg leita rundt i filmdagboka i dag etter innlegg eg kunne lenke saman, fann eg ut at eg hadde gløymt å skrive om Top Gun. Eit bevis på at glippar kan skje.

Det eg hugsar frå filmen av betydning er som følgande: Dette er ikkje favorittsjangeren min. Musikken, miljøet, rollefigurane, alt er ti hakk for mykje ispedd amerikansk fedrelandskjærleik. Det er lov å vere glad i landet sitt, men ver så snill! Og ikkje legg skulda på meg for at har sett filmen, eg kunne ikkje vite at det var så gale før eg hadde sett den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.