Ikkje meir enn ein lusen dopfilm. Cheech og Chong startar ut som to morosamme figurar, men det går faktisk an å vere så stein på film at det ikkje er artig. Dog, dette er ein klassiskar blant cannabisfilmar, og kan vere grei å ha sett.
Ikkje verst, ikkje verst i det heile. Heller ikkje dei mest profesjonelle skodespelarane eg har vitna, men alt fungerar ganske greitt. Dette er ein TV-film, og TV-filmar er ikkje alltid det beste, men her tenkte eg ikkje over det før filmen var ferdig, og IMDb minna meg på det igjen. Dette er eit funn! Viss du er glad i hasardfilmar, sjå gjerne denne.
22 episodar.
Ein morosam serie, men eg fekk ikkje inntrykk av å ha sett noko ekstraordinært. Eg har sett betre komediar. Men eg fekk nok sansen for serien til å sjå andre sesong. Dette handlar stort sett om ingenting, det er dårleg med utvikling. Men det fine med serien er at den er gjennomført i alt rotet.
7 episodar.
Så var eg ferdig med andre sesong og. 7 episodar er i kortaste laget, men det gjer at eg ser ganske så mykje fram til den tredje sesongen, som har ei normal lengde på over 20 episodar. Men fram til då, så vil eg hive meg over andre sesong av «Lois & Clark», som eg akkurat har kjøpt.
«Northern Exposure» held fram i same bane som første sesong, som om dei to sesongane var ein og same.
Like god som sist, og som gongen før det. Eg simpelt hen elskar den spolerte liksom-julefilmen.
Eg anbefalar ikkje denne filmen om du er på jakt etter ein god krigsfilm. Eg sjølv er ikkje fan av krigsfilmar, men eg likar «Full Metal Jacket», som er mykje betre enn dette makkverket. Eg veit Jarhead er basert på ei sann historie, men kom an! Å vere basert på ei sann historie betyr ikkje nødvendigvis at det er bra! Skaff deg «Full Metal Jacket» og ha ei fin stund med den.
Etter ein lang og roleg opning, framleis filmen i same bane, den gjekk aldri opp i tempo. Ingenting stort ved denne som ved «Lord Of The Rings».
Eg har danna meg eit bilde av TV-serien som mykje meir omfattande og interessant. Men har ikkje tenkt Ã¥ dobbelsjekke no sÃ¥ mange Ã¥r etter. Eg er redd eg ville ha blitt frykteleg skuffa. Men tilbake til filmen, ikkje eingong den typiske «me er alle ein stor familie som tykkjer om kvarandre» slutten fekk meg til Ã¥ føle meg involvert.
Ikkje verdt fem flate ører. Les boka eller sjå TV-serien, men helst før du fyller 15.
8 episodar.
Ein av dei kortaste sesongane eg har sett sidan «American Dad» og «Tilt». No etter å ha sett den ferdig er eg fornøgd over kvaliteten på episodane, men angåande bilde- og lydkvalitete så kunne den ha vore betre. Eg ønskar eg hadde kjøpt ein anna versjon, viss det finst, med meir bonusmateriell og oppussa bilde/lyd. Men med tanke på prisen, så fekk eg veldig mykje ut av denne pakken.
Kvifor likar eg denne serien? Det er enkelt å svare på, den har ein varm form for humor og kjennes ekte. Nokon episodar har tydelege grep av å vere overnaturlege, men når alt kjem til alt, er det rollefigurane og omgivnadane som gir ei kjensle av ynde. Ein varm flekk i det kalde Alaska. Eg hugsar litt frå den gongen eg såg dette på TV frå eg var yngre. Eg såg ikkje fast, for det gjekk seint på laurdagskvelden, men eg hugsar det gav meg den same kjensla av å sjå det den gongen som no.
Dette er ein god familieserie, og eg ser fram til sesong 2 på DVD.
Naomi Watts er det som reddar denne filmen frå totalt havari. Dette er litt for mykje kunst, og historien er treig og gir meg lite. Men når du ser på korleis den er laga med kamera, Naomi, og dei banale hendingane, så er det ein grei film.
Ei av dei beste stand-up oppvisingane eg har sett. Den var nok betre første gongen, men er framleis hysterisk. Eg oppfordrar alle til Ã¥ sjÃ¥ dette, og advarar nok ein gong mot Eddie Murphy sine 230 gonger fuck stand-up frÃ¥ ’83. Ja, han sa fuck sÃ¥ mange gonger i løpet av 70 minutt.
