Filmdagbok
ness
28-feb-2006

American Graffiti (1973)

American GraffitiUser Rating: 7.6/10 (15,196 votes)

Filmen med det beste lydsporet eg har høyrt på veldig lenge, George Lucas har skote gullhøna her, eller lagt gullegget? Eg har fortsatt tilgode å bli skuffa over nokon av filmproduksjonane hans.

Historien her er ikkje så komplisert i grunn. Original, og veldig god på sitt område. Den er brukt som referanse i fleire filmar og TV-seriar i ettertid. Vel verdt å sjå. Og på grunn av påverknadsraten sin, så vil eg skryte litt ekstra over den. Bra er ikkje bra nok, her går det mot den første absolutt anbefalt!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-feb-2006

Dawson’s Creek sesong 1

Dawsons Creek ses113 episodar.

Sett bort frå at ungdommen her snakkar på altfor vidtgåande måte, og er hakket for veslevaksne for alderen etter den måten eg tolkar 15 og 16 år gamle for å vere, så er serien ein samleboks av intelligente meiningar, miksa med dumme avgjersler, alt frå dei same folka. Ikkje akkurat det mest trulege scenarioet frå mitt synspunkt. Men det er dennee, som med min TV-historie i betrakning, nye måten å behandle dramaet på som tiltrekker merksemda mi, og gjorde meg interessert i å fortsette serien etter å ha sett pilotepisoden.

Etter kvar som serien går sin gang, og trass at altfor mange av hendingane etterkvart får meg til å riste irriterande på hovudet, for å få vekk dei hjernecellene som har plukka opp det som skjedde, så fengslar utviklinga i rollefigurane meg så eg blei hekta. Ironisk nok. Tingen er med denne type tenåringsdrama, som med «The O.C.» og «Smallville», og ikkje minst «The Mountain», eg blir hekta!

Så heilt til slutt, mange vil sjå på «Dawson’s Creek» som nok eit typisk, tullete tenåringsdrama, med elendige handlingstrådar og middelmådig skodespel. Men eg vel å sjå forbi dette når eg dukkar ned i ei hav av metaforar og filmreferansar, og ser fram til å sjå meir i denne sjangeren som byr på det same som det «The O.C.» kan. Kanskje neste prosjektet mitt blir «Beverly Hills, 90210» eller «One Tree Hill»?

Men seriøst, som konklusjon, «Dawson’s Creek» er ikkje verst. Eg hadde 10 godt underhaldande timar forrige veke. Vel, faktisk fleire, men berre 10 med «Dawson’s Creek».

 
ness
27-feb-2006

Bee Season (2005)

Bee SeasonUser Rating: 5.7/10 (354 votes)

Kjedeleg, uforståelig og uoriginal. Tre ord som eg trur beskriv filmen god. Heile situasjonen ikring Miriam Naumann (Juliette Binoche) forvirrar meg, det er ikkje noko klarheit rundt den, kor sjuk er ho? Og den vesle jenta, Eliza Naumann, eg trur ikkje akkurat det er nokon ny ide å ha med ein smart unge, ikkje at det nødvendig skulle gjere filmen dårleg. Men ein film med dette som grunnlag burde i det minste vere rørande på nokon måte, noko eg tykkjer «Bee Season» feilar i å vere.

Grunna mangel på følelsar, så kan eg ikkje anbefale filmen. Det er mange drama i same sjanger som er mykje betre, som «Wonder Boys» og «Finding Forrester», og sikker ein del andre som eg ikkje har fått sett endå.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-feb-2006

Oliver Twist (2005)

Oliver TwistUser Rating: 6.8/10 (2,214 votes)

Eg står på kanten mellom å sei at dette er ein grei film og ein bra film, men vel bra fordi eg er godt fornøgd med skodespelarane, og fordi eg tykkjer filmen er spennande. Eg må innrømme, eg har aldri lese Oliver Twist, eller sett nokon andre Oliver Twist produksjonar, så eg var heilt blank når det gjaldt handlinga. Eg hadde ingen forventningar, anna enn å sjå ein god film. Filmen kjeda meg ikkje, heller det motsatte, den gjekk fort, noko eg ofte dommer filmar på. Viss ein film går fort, så har eg blitt underhalde, viss ikkje, så har den vore kjedeleg. Dette er ikkje alltid det stemmer, men kanskje halvparten av gongene. Filmen gav meg dog ingen inspirasjon, hard hjertebanking eller ettertanke.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-feb-2006

First Descent (2005)

First DescentUser Rating: 6.2/10 (118 votes)

Først av alt, eg er ingen snøbrettentusiast, men eg elskar kvite fjell og puddersnø. First Descent serverar oss historia om snøbrettet kort og godt, frå revolusjonen, gjennom evolusjonen og 1990-talet til no, som ein parallell til hovuddelen av filmen som er snøbrettkøyring i Valdez, Alaska.

Me møter me store ikon innan snøbrettkøyring, spredd over fleire generasjonar. Shawn Farmer, Terje Haakonsen, Nick Perata, Hannah Teter og Shaun White. Nokon av dei er rutinerte free-stylekøyrarar, medan Hannah og Shaun bl.a. er nye i terrenget.

Filmen er 105 minuttar lang, full av eventyr og nydeleg landskap, og sjølvsagt snøbretthistorie som nemt over. Så det er ikkje berre 105 minuttar med usamanhengande endeslause stunts, som ski/snøbrettfilmar ofte er. Ikkje at det nødvendigvis er noko dårleg. Her får ein dog eit alternativ som heng godt saman som film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
23-feb-2006

Just Friends (2005)

User Rating: 5.9/10 (2,261 votes)

Just FriendsEg gir meg aldri med romantiske komediar, likevel om dei aldri lev opp til forventingane mine etter å ha sett filmtraileren. «Just Friends» er ingen unntak, det er ein gjennomsnittleg film som mange andre i sjangeren. Kva som fekk meg til å sjå filmen bortsett frå ein morsom filmtraileren? Skodespelarane og det stadige håpet om å komme over noko betre reknar eg med. Men denne filmen er som ofte fyllt med klisjear frå den eine enden til den andre.

Den galne popsongerinna Samantha James, musikken, slutten, slåssing, alt! Vanlegvis er Ryan Reynolds ein grei nok skodespelar, som Berg i «Two Guys, a Girl and a Pizza Place» er han ganske kul. Og han klarar seg fint i «Harold & Kumar Go to White Castle» samt «Van Wilder». Men at han takka ja til denne rollen må vere i desperat jakt etter pengar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-feb-2006

This Is Spinal Tap (1984)

This Is Spinal TapUser Rating: 7.9/10 (25,215 votes)

Ein kjedeleg film, som eg er veldig skuffa over. Den fortenar ingen plass på IMDb top 250 tykkjer eg. Noko av musikken var OK, men heile opplegget rundt det å vere ein tulledokumentar vart berre ein stor vits, negativt meint. På grunn av musikken, og eit par gode vitsar, vil eg ikkje drepe filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-feb-2006

My Family sesong 1

8 episodar.

My Family ses1Ein av favorittseriane mine frå Storbritannia, om ein litt rar tannlege og hans litt rare familie. Dei strevar alltid etter å fungere normalt, med ein smart son, ein dum son og ei manipulerande dotter, og kona som er grusom til å lage mat. Også må eg nemne, at alle ungane er ute etter å presse faren for peng når sjansen skulle by seg. Yngstemann bryr seg heller ikkje alltid om å spørre før han handlar.

Det er ikkje så lett å forklare kva som er bra med serien, så det må opplevast. Slik som med «Arrested Development», og mange andre suksessrike sitcoms er det ein kombinasjon av originale folk og vitsar som gjer utslaget.

Eit par småting på slutten. Det virkar som «My Family» brukar mindre latterbokselyd enn vanleg, likevel om det er der. Og sesongen er rimeleg kort, berre 8 episodar, akkurat som i ein miniserie. Men med fleire sesongar såklart.

 
ness
19-feb-2006

Being There (1979)

Being ThereUser Rating: 7.9/10 (12,611 votes)

Ein spesiell komedie som omhandlar ein tilbakeståande gartnar som gjer det stort innan finans og politikk. Chance, protagonisten, er den nye stjerna i amerikansk politikk etter å ha blitt tilfeldig nedkøyrt av limosinen til ein av USAs mest notoriske finansmenn, som lid av leukemi, og er i ferd med å dø. Neddopa av medisinar, vil eg tru, tek finansgeniet Benjamin Turnbull Rand, Ben blant venner, Chance inn i heimen sin på grunnlag av Chance sin jordnære personalitet. Og gjennom vennskapet til Chance med Ben, er vegen til TV og berømmelse kort. Det er ei tynn linje mellom å vere geni og totalt idiot, men det betyr ikkje så mykje kven du er, så lenge du er tilstades i rette augeblikk, som Chance var.

Filmen krever tålmodigheit, men tek seg etterkvart opp på eit godt nivå. Den litt for rolege starten er kjedeleg, og eg vil difor gå 100% inn for filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-feb-2006

Notorious (1946)

NotoriousUser Rating: 8.3/10 (12,804 votes)

Etter ein eviglang første time tok filmen endeleg av, og tok om ikkje akkurat lufta ut av meg, spennande nok. Eg vil likevel ikkje foreslå denne som underhalding tross klassikarstatusen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10