Arrested Development sesong 2
18 episodar.
Eg vil ikkje samanlikne med den første sesongen. For meg er dei berre skilt i tid, og viss eg hadde sett dei rett etter kvarandre ville eg ikkje tenkt noko over at det er to forskjellige sesongar uansett. Det var ingen cliffhanger eller nedtoning som var verdt å legge merke til.
Kort sagt så gir sesong to oss same humor som første, forviklingar satt saman i eit avansert nettverk er det som gjer serien til ein merkbar komedie. Og det at serien framhevar bruken av stereotypar frå andre sjangrar innan TV på ein så overdreven måte i lengden at ein ikkje nødvendigvis tenker over det, er det som får serien til å verke. Billege såpeoperakulisser er erstatta med eit fullstendig hus, også i dårleg stand. Og dårlege skodespelarar er erstatta med gode som spelar godt dårleg, om du tek den?
