Filmdagbok
ness
19-feb-2006

Fargo (1996)

FargoUser Rating: 8.2/10 (75,867 votes)

Denne filmen har heimsøkt meg i nokre år no. Eg har sett tittelen overalt, inkludert IMDb top 250. Eg må innrømme, eg har holdt meg borte frå filmen, pga. førsteinntrykket mitt av filmplakaten. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det er noko med dei store raude bokstavane med den kalde kvite snøen i bakgrunn eg ikkje likar. Kanskje det er fordi det får meg til å tenke på ein skada person som berre ventar på å fryse ihjel? Ingen kjekk tanke.

Men no har eg fått sett filmen, og eg var positivt overraska. Filmen er rå, har brutal vald, og forsøker ikkje å skyve råheita under teppe med kunst. Rollefigurane er alt anna enn kjedelege, tilogmed Jerry Lundegaard (spelt av William H. Macy), ein person du skulle tru ville misse forstanden fullstendig, overraskar i sin rolege veremåte. Så filmen unngår å bli slitsomt, men er ein god thriller. 90 minuttar går fort.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-feb-2006

Dead Like Me sesong 2

Dead Like Me ses215 episodar.

Den andre og siste sesongen av Dead Like Me, ein serie som diverre blei kansellert i oktober, 2004. Men eg ser på meg sjølv som ein forståelsesfull person, og har eit par idear om kvifor den aldri kom tilbake med ein tredje sesong. Du skjønnar, første sesong var god, og ideen var ny. Ein fin vri frå det eg får inntrykk av at er den typiske overnaturlege serien. Dead Like Me legg meir vekt på gode dialogar og sarkasme enn spesialeffektar. Ironien og sarkasmen gir ei betre djubde enn og krever nok litt ekstra frå publikum. Her er ingenting servert på eit sølvfat.

I sesong to vart det litt for mykje fram og tilbake når det gjaldt rollefigurane, utan at serien gjekk framover. Så eg ser heller at serien forblir med dei to gode sesongane enn å fortsette utan å våge å ta steget framover. Og at serien er stoppa framover å fortsette ved å hive inn reine parodiepisodar her og der. Tankane min ikring Dead Like Me tillet ikkje dette.

Så kva med slutten? Sidan eg ikkje har tenkt å øydelegge ved å røpe noko her, men heller foreslår at du ser dei to korte sesongane sjølv, så vil eg gjere det kort. Som mange andre seriar, er endinga noko open, men det blir gitt nok svar til at det går an å sette pris på slutten.

 
ness
14-feb-2006

TV samlepost VI

Emily’s Reasons Why Not

Ikkje morosamt. Ikkje originalt. Kansellert etter pilotepisoden. Heather Graham sitt yndige ansikt er ikkje nok. Dette var absolutt ikkje til å le av.

Life on Mars

Eg kom meg aldri nokon veg med denne serien. Det var ein lovande kriminaletterforskingsserie, men som eg kanskje har skrive her ein plass før, når det kjem til denne type serie, så er eg ikkje så veldig interessert. Og med dei store mengdane gode seriar der ute, så blir Life of Mars difor flytta til TV Uferdig. Kvil i fred frå mine auger.

Mr. Bean: The Animated Series

Ein anna god serie, men fordi eg aldri fekk tak i meir enn den første DVDen, så kan eg ikkje fullføre den. Og sidan det har gått så lenge sidan eg såg den, så har eg ingen trang til å gjere meg ferdig med serien heller. Det som er gløymt, tek ikkje plass i tankane mine.

 
ness
13-feb-2006

Arrested Development sesong 2

Arrested Development ses218 episodar.

Eg vil ikkje samanlikne med den første sesongen. For meg er dei berre skilt i tid, og viss eg hadde sett dei rett etter kvarandre ville eg ikkje tenkt noko over at det er to forskjellige sesongar uansett. Det var ingen cliffhanger eller nedtoning som var verdt å legge merke til.

Kort sagt så gir sesong to oss same humor som første, forviklingar satt saman i eit avansert nettverk er det som gjer serien til ein merkbar komedie. Og det at serien framhevar bruken av stereotypar frå andre sjangrar innan TV på ein så overdreven måte i lengden at ein ikkje nødvendigvis tenker over det, er det som får serien til å virke. Billege såpeoperakulisser er erstatta med eit fullstendig hus, også i dårleg stand. Og dårlege skodespelarar er erstatta med gode som spelar godt dårleg, om du tek den?

 
ness
12-feb-2006

Wedding Crashers (2005)

User Rating: 7.3/10 (23,941 votes)

Wedding CrashersDet korte, tidlegare innlegget mitt om denne filmen dekkar nokre av tankane mine omkring den. Men i tillegg vil eg no kunne sei korleis filmen har klart seg gjennom ein ny runde.

Eg lo nesten like mykje denne gongen som sist. Vince Vaughn er ikkje ein favorittskodespelar, men eg kan ikkje nekte for at han kan vere morosam. Owen Wilson er roleg som vanleg, og det er litt av det som gjer at eg respekterar han som skodespelar, han treng ikkje vifte med armane for å vere morosamt. Christopher Walken er ein skodespelar eg og respekterar, og nokon gonger kan eg le av ingen andre grunnar enn den at han er tilstades. Eg trur det har noko å gjere med at eg ser på han som den seriøse personen, men at han likevel til stadigheit dukkar opp i sprø rollar, som i «The Stepford Wives» og «Envy». Og Isla Fisher er både gal og søt, ein dødeleg kombinasjon.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-feb-2006

Hot Shots! Part Deux (1993)

User Rating: 5.8/10 (10,314 votes)

Hot Shots Part Deux

Thank you Topper, I can kill again! You’ve given me a reason to live!

Personleg tykkjer eg oppfølgaren er betre enn den første filmen i seien. «Hot Shots!» var god, men eg foretrekk Rambo framfor «Top Gun». Humoren er av den billege sorten, og full av enkle idiotiske grep, men det verkar med Charlie Sheen. Dog eg har mine tvil om at filmen ville fått same status om produsert i dag. Eller?« Scary Movie» har jo klart seg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-feb-2006

Beste film: Januar

StarTre filmar som eg tykkte var betre enn resten i januar var «Thumbsucker», «Mr. & Mrs. Smith» og «Brokeback Mountain».

Av desse tre vel eg «Thumbsucker» som min beste film for januar 2006. Fordi den var noko av eigen art, med nok nytt til å skape ei original stemning. Eg har sett mange filmar med folk som har sine problem før, men denne var djupare enn mange av dei. Årsaka til at «Mr. & Mrs. Smith» og «Brokeback Mountain» ikkje tok førsteplassen var at dei ikkje var originale.

 
ness
10-feb-2006

Jaws (1975)

User Rating: 8.2/10 (56,214 votes)

JawsEndeleg ein god «Jaws»-film. Eg har sett nummer 4 og 5, men ingenting sler originalen. Og som Earl i «My Name Is Earl» ville ha sagt: No kan eg endeleg krysse den av lista mi.

Filmen var rimeleg lang, og brukte som «Rupan sansei: Kariosutoro no shiro» litt tid på å bli varm. Det var ei håndfull stereotypiske idiotar, som ein ofte finn i denne sjangeren, men eg klarte å halde ei viss avstand til det, så eg kom meg etter kvart fram til den gode delen av filmen. Den siste timen var spennande, og ikkje så prega av klisjear som eg hadde trudd. Så til slutt, etter ein lystig og blodig film, så vil eg sei at eg kom ganske så godt ut av det heile.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-feb-2006

Rupan sansei: Kariosutoro no shiro (1979)

Castle of CagliostroUser Rating: 7.8/10 (2,299 votes)

Også kjent som «Castle of Cagliostro». Det tok litt tid før filmen kom inn i gjenge, men når den først gjorde det så viste det seg at det var ein god spenningsfilm. Mange likheiter med James Bond, men Lupin er nokre hakk hvassare i frekkheit og galskap. Vel verdt 100 minuttar av livet ditt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-feb-2006

Dead Like Me sesong 1

Dead Like Me ses114 episodar.

Om sesongfinalen vil eg sei at den er verdig, ikkje som cliffhanger, men som ein episode som roar ned litt før pausen. Eg føler at eg ikkje må sjå neste sesong med ein gong, likevel om eg vil sjå den etter kvart. Eg føler eigentleg mest at eg har sett noko litt spesielt, men godt, og at eg er glad for det.