ness
04-feb-2006

Around the World in 80 Days (2004)

Around the World in 80 DaysIMDb: 5.6/10 (5,828 votes)

Heilt grei underhalding. Bemerkelsesverdige framsyningar av Wilsonbrødrene og Arnold Schwarzenegger. Ikkje den artigaste Jackie Chan filmen, nei, men likevel god tidtrøyte. Nok av materiale til å le med/av her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-feb-2006

Lois & Clark: The New Adventures Of Superman sesong 2

Lois And Clark ses222 episodar.

Akkurat ferdig med sesongfinalen, så her kjem litt småtteri som eg har tenkt på. Eg likte utviklinga i serien, og tykkjer den har blitt betre etter kvart, mykje takka vere det uungåelege forholdet mellom Clark og Lois. Med det meir oppe i dagen blir serien knytta sterkare saman mellom episodane, og lysta til å sjå ein ny episode, og endå ein, er stor.

Lois og Clark har dansa rundt kvarandre i mange nok timar no, så dette ser bra ut. Men det er framleis to sesongar igjen, så eg forventar ingen umiddelbar løysing i starten av neste sesong. Eg ser i grunn fram til fleire forviklingar, spenning og gale menn før det heile er ferdig.

 
ness
01-feb-2006

Kiss Kiss Bang Bang (2005)

Kiss Kiss Bang BangIMDb: 8.0/10 (4,453 votes)

Starta som ein god film, men blei etterkvart ein strevsom film. Den krevde for mykje anstrenging, og utan undertekstar vart det litt for traurig å følge med på. Eg meinar bestemt å ha sett mykje av dette før i form av andre filmar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10