Denne filmen omhandlar kunst, barnsleg uskyldigheit og sko. Iallfall virka det slik. I utgangspunktet er det ikkje heilt lett å slå fast den eigentlege meininga bak filmen, for den kan til tider vere ganske så spesiell, eller nokon vil kanskje sei sær. Men den er sær på ein god måte, med fantastisk rar musikk, og mange rare personar. Dette virka som oppskrifta på ein prisvinnar, noko det nok er, ettersom filmen har vunne 14 prisar og fått 5 nominasjonar sist eg sjekka. Men filmen er ikkje fullstendig på jorde når det gjeld å kunne sjå den, for den har ei kjærleikshistorie som kjem tydeleg fram. Det er når det gjeld følelsane til folk ein må sjå litt nærare. Av scener som eg kjem til å hugse filmen for, er blant anna den veldig unge Robby sine samtalar via Internett, både for det komiske, men også fordi det er veldig på kanten.
Filmen er som hovedpersonen Finbar, litt knapp på dialog, men dette gjer at ein får god tid til å legge merke til det som gjer filmen så god og roleg: Fantastiske bildeutsnitt får ein til å føle ei god ro, samt av og til trekke på smilebandet. Men viss du er på jakt etter den type komedie som berre er ute etter å tene peng, Hollywood-komedie med sine punchlines, så bør du skygge unna. Humoren her er ikkje nødvendigvis intelligent, men den er nok meir retta mot den ettertenksame.
Folka foran kamera virka velvalt. Peter Dinklage framstÃ¥r som ein tilbaketrukken, men likevel ikkje patetisk, tog-interessert. Michelle Williams, kanskje mest kjent frÃ¥ TV-serien «Dawson’s Creek», dukkar opp som bibliotekar. Og Bobby Cannavale gir oss livsglade, men innerst inne litt meir seriøse, Joe. John Slattery stikk hovudet innom døra, som den stramme dressen David, ein rolle som virka som den er teken direkte frÃ¥ TV-serien «Jack & Bobby», likevel om den kom først Ã¥ret etterpÃ¥. Dette var verkeleg ein film som fall i smak!
5 episodar.
Ein veldig kort sesong. Men det er nokre morosame episodar her, så eg vil mest sannsynleg sette i gong med sesong 2 veldig snart.
Denne filmen kunne gjerne ha blitt kalla Hostile, for det er ingen vennleg film. Verken på den eine eller andre måten. Filmen er rimeleg nok ganske ekkel, som i grotesk til tider. Men trass dei blodige scenene, vil eg sei at persongalleriet var det verste. Her er det lagt litt arbeid i å finne folk som ser både rare og skumle ut, men ikkje overdrevent stygge. Eg seier ikkje at dei blodige scenene ikkje var fæle, for det var dei, men ikkje på same måte som «Saw» og «Saw II», for i dei så må eg innrømme eg var ganske så nær ved å snu meg vekk, mens dette kan eg takle. Det er sikkert nok både negativt for filmen sin del, og min, men utan å gå meir inn på meg sjølv som ein mediepublikumar og påverknad og slikt, så kan eg heller unnskylde med at det var filmen i sin heilheit som gjorde at eg ikkje trudde på det eg såg nok til snu meg vekk. For historien i filmen er rimeleg tam, ein vil nok skjønne etterkvart kva det heile dreiar seg om, men det blir aldri forklart på ein truverdig måte. Så i tråd med filmens handling, og dagens [no er det over midnatt, men likevel] tidlegare filmar, så blir det ikkje topp tilbakemelding frå mi side her heller. Det som forsåvidt trekk opp er som eg nemnte eit ekkelt persongalleri, og i tilegg eit skittent aust-europeisk miljø.
Så var det jul igjen, iallfall hjå familien Stone. Dette er nok meir eit romantisk drama enn ein romantisk komedie, ein sjanger som gong på gong spyr ut det same mølet. Og som eg gong på gong plukka opp i håp om å komme over noko betre, noko som faktisk skjedde med «50 Ways to Leave Your Lover».
Men tilbake til «The Family Stone». Denne filmen gir oss ingenting nytt, og heller ikkje noko god julestemning. For ja, ein god julefilm skal kunne få ein i iallfall litt julestemning, uansett årstid. Denne filmen er heller ikkje særleg morosam, for å ha det klart. Den prøver derimot å spele på at trist blir ekstra trist rundt juletider, noko som den kanskje ikkje klarar så veldig godt, men litt skal den ha æren for å få til.
Dessutan, er det andre enn meg som absolutt ikkje tykkje Dermot Mulroney er nokon god skodespelar, noko eg har fått vel fram i mine få utvalte ord om «The Wedding Date». Sarah Jessica Parker på den andre sida, har eg heller aldri hatt særleg sansen for, men i denne filmen var ho faktisk litt sjarmerande, om ikkje akkurat det beste av skodespeling eg har sett, så iallfall den beste rolla eg har sett ho i. Resten av gjengen her er ikkje verdt å nemne, dei fleste er gjengangarar i sjangeren, og Luke Wilson gjer ikkje stort ut av seg, for den som har sett «The Royal Tenenbaums».
Viss du likar «Snatch.» og «Lock, Stock and Two Smoking Barrels», så bør du ikkje sjå denne filmen her. Guy Ritchie har bomma til dei grader at denne filmen berre bli ei einaste blanding av rot og rask klypping. Historien er innvinkla, men mogleg å forstå etter kvart, dette er likevel ikkje hinder for i at det blir kjedeleg. Det ser ut som det er prøvd for mykje, så det blir på ein måte litt smør på flesk. Litt harskt kanskje. Sammenlign det med bloggposten her, kor eg har skreve ein del poeng på ein oppsummerande måte, men det er likevel ikkje den beste flyten.
Lenge var det berre musikken som hinta til ei mystisk stemning, og historia om forfattaren Sarah Morton og den unge Julie gjekk sin gong. Men etter kvart tok denne filmen ei anna retning, meir i den stilen som ein får inntrykk av at Sarah skriv i. I fare for å gi eit feil bilde, vil eg likevel sei at det blei ganske så skrudd utover, men på ein positiv måte. Det vart faktisk ganske så interessant, og det heile toppa seg på slutten. Sluttar har eg inntrykk av, er ein vanskeleg del av ein film. Om den skal vere lykkeleg, tragisk, open eller lukka. Dei einaste orda eg vil dele om slutten her er ganske enkle, bra og interessant.
Som eg nemnte, så hinta musikken til ei mystisk stemning, dette merkar ein allereie i introduksjonen til filmen, men musikken følger oss gjennom heile. Det er på ingen måte ein ny sjanger, men ein type musikk som er gjengangar i litt mystiske krimfilmar, noko som kanskje gjer det enklare å putte denne filmen i ein bås (utan å vere negativ her heller). Den var med på å sette ei slik stemning at eg ikkje ga opp, trass i at det heile tok litt tid. Eit anna poeng er at eg generelt har ei viss interesse for filmar om forfattarar, enkelt og greitt.
Det er ikkje til Ã¥ komme utanom at dette er første filmen eg ser med Charlotte Rampling, men det er ikkje pÃ¥ grunn av at ho er ein dÃ¥rleg skodespelar, for det er ho slettes ikkje, iallfall ikkje i denne filmen. Ho gir ei fin tolking av den litt kalde, om ikkje akkurat sure, engelske forfattaren Sarha Morton. Ludivine Sagnier, som spelar Julie, gir oss i tillegg til noko Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ (…), ei ikkje fullt sÃ¥ stereotyp «frisluppen» ung jente som ein ofte ville funne i ein Hollywoodproduksjon, noko som fører til at eg ikkje kan rakke ned pÃ¥ ho heller. Men heller enn det vil eg faktisk sei at denne filmen er god.
«Remember the Titans» er eit typisk eksempel på eit Disney sportsdrama. Som «Coach Carter » er svarte sin plass i det amerikanske samfunnet eit sentralt tema, men i denne filmen er det fokus på forholdet mellom dei og kvite. Etter at svarte og kvite blir miksa saman på skulen i Virginia i 1971, blir det mykje bråk, men den nye trenaren til fotballaget Titans (amerikansk fotball) jobbar hardt for å oversjå raseskiljet. Og dette går ikkje heilt stille for seg.
Har du sett eit sportsdrama produsert av Disney før, så har du forsåvidt sett ganske mange, og «Remember the Titans» er ikkje eit unntak. Du vil kjenne igjen mange element, og utviklinga av personlegheitane til folk er ikkje heilt forskjellig til det du kanskje vil forvente deg. Men likevel om ein veit korleis historien vil gå, så er dette blant dei betre forutsigbare sportsdrama eg har sett. Grunnen til det, vanskeleg å sei ettersom eg ikkje har studert film. Men at mange kjente ansikt dukka opp, er aldri ein skuffelse for min del. Kan nemne i fleng: Donald Faison, Ethan Suplee, Kate Bosworth og Denzel Washington.
Frå regissør Ang Lee, mannen bak «Snikende tiger, skjult drage», får me servert ein film som balanserar mellom varme og kulde. Året er 1973, og i ein forstad i Connecticut møter me ein gjeng med folk som alle strevar med sine personlege forhold. I tillegg til spenninga på dette planet, og ja, varme blant enkelte menneske, så er det duka for ein av dei kaldaste vinterdagane mens Watergate-skandalen går sin gang via media.
«The Ice Storm» er eit mekka for forholdsinteresserte filmentusiastar, og for dei som elles er glad i å sjå dagens kjete skodespelarar i tidlegare rollar. I tillegg til å vere første filmen til Katie Holmes, er det ein ung Elijah Wood me møter. Men det er den grå settingen og eit meir opent og avslappa forhold til mellommenneskelege forhold som som gjer at denne filmen blir interessant for min del.
Etter å ha sett vel ein time av filmen, tok den plutseleg ei heilt anna retning enn det eg hadde fått inntrykk av at den ville gjere i filmtraileren. Borsett frå dette var det få tvistar og overraskingar som overvelda meg.
Skodespelarane var vel kanskje det som var artigast å sjå på, eg er veldig fornøgd på den måten. Det var moro å sjå Pierce Brosnan som ein anna type våpenkyndig enn James Bond.
