Filmdagbok
ness
01-mar-2006

Snatch. (2000)

SnatchUser Rating: 8.0/10 (57,153 votes)

Kven kan ikkje like ein beksvart komedie? Snatch er nok ein av dei betre, på linje med «Lock, Stock and Two Smoking Barrels». Ein godt skrive historie, samt godt skodespel, spesielt av Brad Pitt. Dette er ein av dei betre filmane eg har sett han i, men eg har tilgode å sjå «Se7en» då. God kameraføring, og med ei nydeleg gullbrunt filter over bilde, som passar perfekt til stemninga. Det er alltid noko som skjer, og filmen kastar ikkje vekk eit minutt. Ta flyturen frå USA (New York?) til London, her er det ikkje kasta vekk eit sekund.

Dialogane er fyllte med ordspel og referansar. Og enkle one-liners dukkar sjeldan opp, men dei som dukkar opp er heldigvis gode. Mange av scenene er faktisk ganske så vakre å sjå på, trass den mørke undertonen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.