Tom yum goong (2005)
Viss du likar kampsportfilmar, så må du sjå denne! Det er den beste filmen i sin sjanger sidan «Ong-bak», og er også ein Prachya Pinkaew produksjon. Me møter Kham, spelt av Tony Jaa. Elefanten til familien hans blir stole av ein gjeng kriminelle lokalisert i Australia. Kham er trent opp som ein Jatubaht, ein krigar som skal beskytte elefanten. Noko som tilseier at han er ein god kampsportutøvar. Filmen er full av ville stunts, og er nesten meir imponerande enn «Ong-bak». Men begge to må sjåast!
Noko anna som også imponerar meg er den varierte bruken av teknikkar, men at det framleis virkar «ekte». Kombinert med vakkert kamerautsnitt og kameraføring, så er dette både nydeleg å sjå på samt spennande. Eg er kanskje ikkje alltid den lettaste personen å engasjere, men denne filmen blei berre betre og betre. Spesielt ei scene der Kham slåss seg veg opp 4-5 etasjar utan at scena blir klyppt.
Eg vil komme med litt kritikk på slutten, så eg ikkje framstille filmen som feilfri, blenda av alt det gode. Historien er ikkje den mest originalen, bortsett frå at dei har putta inn ein elefant her, men det fungerar. Og noko av klypping er litt for rask eller litt for sein til å få ein god flyt. Bruken av sakte kino kunne ha vore betre. Men trass desse småtinga…
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

This movie is one of the best movie in the world!!!Tony Rule!!!!
Igjen en skuffende film, og blir ufattelig kjedelig i lengden. Ikke i nærheten av Ong-Bak, og Tony Jaa må skjerpe seg til Ong-Bak 2.