ness
18-mar-2006

50 Ways to Leave Your Lover (2004)

IMDb: 7.8/10 (186 votes)

50 Ways to Leave Your LoverEg var litt skeptisk til filmen når eg såg namnet på den, og hadde tenkt meg at dette var endå ein av dei dårlege romantiske komediane som ville bli sett og gløymt. Talet 50 frå tittelen har i grunn ikkje så mykje med filmen å gjere. Eg har mistankar om at folka som gav ut filmen innsåg dette, og gav den ny tittel når den kom på DVD: «How To Lose Your Lover». Denne tittelen gav meg også frysningar, og gir meg inntrykk av å skulle servere meg ein stereotypisk Hollywood romantisk komedie pissfilm. Men «How To Lose Your Lover» er noko anna.

For å komme i gong, me følger Owen, ein alkoholisert forfattar som sørga over å ha blitt dumpa av den forrige dama si. Men Owen er ikkje den typiske alkoholiserte forfattaren ein ofte snublar over på film, han har sine problem, men han fungerar likevel som person. Og ein får aldri inntrykk av at det er alkoholen som øydelegg for han. Han er lei av Los Angeles og å produsere falske autobiografiar som har som formål å håve inn pengar. Han planlegg difor å reise (tilbake) til austkysten etter å ha vore sju år på vestkysten. Men på flyplassen treff han ei ny dame, som kjem til å spele ei større rolle i livet hans.

Her er faktisk det punktet i filmen der den typiske kjærleikshistoria endar, og i scene etter scene blir ein overraska over vala som blir tatt, og kva retning filmen tek. Nokre klisjear er det her og der, det er jo framleis ein romantisk komedie, så det er uungåeleg, men dei er ikkje dei mest tydelege.

Owen tek aldri flyet, og endar opp igjen tilbake i L.A., der han prøver å finne ut om dama han traff på flyplassen er verdt å danne eit seriøst forhold med. Og det er her tittelen kjem inn. Han finn på heller ekstreme metodar for å prøve å få ho til å dumpe han, men det går ikkje. Før…

«How To Lose Your Lover» er vittig skrive, og eg føler filmen gir ei meining. Det er ei stund sidan eg har likt ein romantiske komedie så godt. Likevel om den kanskje ikkje er gripande, eller trist, så går det. Det er tross alt ein romantisk komedie, ikkje ein romantisk tragedie. Den er hakket meir realistisk enn eg er van med, eg kan identifisere meg med rollefigurane, og den får fram at ingenting er perfekt, uansett om du skulle befinne deg på eit universitet på austkysten eller henge rundt i California. Rollefigurane er nok ikkje fullstendig realistiske på alle vis, men samanlikna med f.eks. «Just Married», «Just Like Heaven» og «Just Friends», så er ikkje dette berre endå ein dårleg romantisk komedie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10