Swimming Pool (2003)
User Rating: 6.9/10 (9,021 votes)
Lenge var det berre musikken som hinta til ei mystisk stemning, og historia om forfattaren Sarah Morton og den unge Julie gjekk sin gong. Men etter kvart tok denne filmen ei anna retning, meir i den stilen som ein får inntrykk av at Sarah skriv i. I fare for å gi eit feil bilde, vil eg likevel sei at det blei ganske så skrudd utover, men på ein positiv måte. Det vart faktisk ganske så interessant, og det heile toppa seg på slutten. Sluttar har eg inntrykk av, er ein vanskeleg del av ein film. Om den skal vere lykkeleg, tragisk, open eller lukka. Dei einaste orda eg vil dele om slutten her er ganske enkle, bra og interessant.
Som eg nemnte, så hinta musikken til ei mystisk stemning, dette merkar ein allereie i introduksjonen til filmen, men musikken følger oss gjennom heile. Det er på ingen måte ein ny sjanger, men ein type musikk som er gjengangar i litt mystiske krimfilmar, noko som kanskje gjer det enklare å putte denne filmen i ein bås (utan å vere negativ her heller). Den var med på å sette ei slik stemning at eg ikkje ga opp, trass i at det heile tok litt tid. Eit anna poeng er at eg generelt har ei viss interesse for filmar om forfattarar, enkelt og greitt.
Det er ikkje til å komme utanom at dette er første filmen eg ser med Charlotte Rampling, men det er ikkje på grunn av at ho er ein dårleg skodespelar, for det er ho slettes ikkje, iallfall ikkje i denne filmen. Ho gir ei fin tolking av den litt kalde, om ikkje akkurat sure, engelske forfattaren Sarha Morton. Ludivine Sagnier, som spelar Julie, gir oss i tillegg til noko å sjå på (…), ei ikkje fullt så stereotyp “frisluppen” ung jente som ein ofte ville funne i ein Hollywoodproduksjon, noko som fører til at eg ikkje kan rakke ned på ho heller. Men heller enn det vil eg faktisk sei at denne filmen er god.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Fin film! En av mine favoritter fra de siste årene faktisk. Sett den altfor mange ganger. Vet ikke om det er på grunn av Ludivine Sagnier eller ei :-D