The Family Stone (2005)
User Rating: 6.2/10 (4,780 votes)
Så var det jul igjen, iallfall hjå familien Stone. Dette er nok meir eit romantisk drama enn ein romantisk komedie, ein sjanger som gong på gong spyr ut det same mølet. Og som eg gong på gong plukka opp i håp om å komme over noko betre, noko som faktisk skjedde med «50 Ways to Leave Your Lover».
Men tilbake til «The Family Stone». Denne filmen gir oss ingenting nytt, og heller ikkje noko god julestemning. For ja, ein god julefilm skal kunne få ein i iallfall litt julestemning, uansett årstid. Denne filmen er heller ikkje særleg morosam, for å ha det klart. Den prøver derimot å spele på at trist blir ekstra trist rundt juletider, noko som den kanskje ikkje klarar så veldig godt, men litt skal den ha æren for å få til.
Dessutan, er det andre enn meg som absolutt ikkje tykkje Dermot Mulroney er nokon god skodespelar, noko eg har fått vel fram i mine få utvalte ord om «The Wedding Date». Sarah Jessica Parker på den andre sida, har eg heller aldri hatt særleg sansen for, men i denne filmen var ho faktisk litt sjarmerande, om ikkje akkurat det beste av skodespeling eg har sett, så iallfall den beste rolla eg har sett ho i. Resten av gjengen her er ikkje verdt å nemne, dei fleste er gjengangarar i sjangeren, og Luke Wilson gjer ikkje stort ut av seg, for den som har sett «The Royal Tenenbaums».
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
