Filmdagbok
ness
30-mar-2006

The Station Agent (2003)

The Station AgentUser Rating: 7.9/10 (10,687 votes)

Etter å ha lese Jacobs tankar om filmen fekk eg verkeleg lyst å sjå den. Grunnen til det? Vel, eg vil gjere det så enkelt som å sitere bloggposten hans: ” Å, som jeg elsker slike lune, litt melankolske, småhumrende men samtidig ettertenksomme filmer!”. Filmen er som hovedpersonen Finbar, litt knapp på dialog, men dette gjer at ein får god tid til å legge merke til det som gjer filmen så god og roleg: Fantastiske bildeutsnitt får ein til å føle ei god ro, samt av og til trekke på smilebandet. Men viss du er på jakt etter den type komedie som berre er ute etter å tene peng, Hollywood-komedie med sine punchlines, så bør du skygge unna. Humoren her er ikkje nødvendigvis intelligent, men den er nok meir retta mot den ettertenksame.

Folka foran kamera virka velvalt. Peter Dinklage framstår som ein tilbaketrukken, men likevel ikkje patetisk, tog-interessert. Michelle Williams, kanskje mest kjent frå TV-serien Dawson’s Creek, dukkar opp som bibliotekar. Og Bobby Cannavale gir oss livsglade, men innerst inne litt meir seriøse, Joe. John Slattery stikk hovudet innom døra, som den stramme dressen David, ein rolle som virka som den er teken direkte frå TV-serien Jack & Bobby, likevel om den kom først året etterpå. Dette var verkeleg ein film som fall i smak!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
TMwtP har sagt:

Så bra at du likte den da!