Filmdagbok
ness
25-mar-2006

Lonesome Jim (2005)

Lonesome JimUser Rating: 6.6/10 (459 votes)

Etter ein lang og hektisk dag var det godt å sette seg ned i sofaen med ein roleg film som Lonesome Jim. Her får me servert ein film om ein ulykkeleg mann, på randen til depresjon, som møter ei omsorgsfull dame. Eg kunne nærast kjenne stemninga boble i meg. Dette er eit godt val for å stresse ned, men kanskje for roleg for nokre. Eg derimot, er veldig glad i denne type film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-mar-2006

Ice Age: The Meltdown (2006)

User Rating: 8.0/10 (142 votes)

Ice Age The MeltdownEg er skuffa, likevel om eg ikkje sat inne med nokon forventningar før filmen. Den var faktisk så kjedeleg innimellom at eg nesten sovna iallfall 10 gonger, og sovna skikkeleg minst 2 gonger. Det einaste eg likte ved filmen var det sprø ekornet som jakta på nøtta, og den gode animasjonskvaliteten. Men det skal meir til for å bli god film, dei tidenene då dataanimasjon imponerte eine og åleine er over. Som eg nemnte i «Hoodwinked», så var ikkje animasjonen der på topp, men filmen går utvilsomt denne ein høg gang.

Eg vil ikkje slakte «Ice Age: The Meltdown», det er ein film som tydeleg er meint for den yngre garde, men varme og sjarmerande humor, og på det planet lykkast filmen. Meg på ei anna side, begynnar å bli lei av alle desse animasjonane med dyr i. Dei er alle like!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-mar-2006

Hoodwinked (2005)

HoodwinkedUser Rating: 6.8/10 (1,573 votes)

Samanlikna med andre nye animasjonsfilmar, som f.eks. «Ice Age: The Meltdown», så er animasjonsnivået på Hoodwinked litt tilbake i tid. Fysikken er veldig unaturleg og stiv, men gir filmen eit særpreg. Ingenting av dette var noko problem, for dette er ein av dei betre animasjonsfilmane eg har sett på lenge, den er nesten like god som «Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit» faktisk.

Historia om ein kriminell som prøver å ta over søtsakeforretningane i skogen, presentert gjennom ei rekke avhøyr, er for meg ein ny måte å bygge opp ein animasjonsfilm. Artig!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-mar-2006

Dawson’s Creek sesong 2

Dawsons Creek ses222 episodar.

Nok ein sesong med Dawson’s Creek har blitt sett, den første heilårssesongen faktisk. Det tok meg litt lengre tid enn eg hadde trudd å sjå den ferdig, for eg hadde ein del pausar innimellom. Men 22 episodar er mykje, og eg blei litt lei etter kvart. Så det vil ta ei stund før eg kjem meg i gong med neste sesong.

Sesongen fortset naturleg nok der den forrige slutta, og episodane er like på kvalitet, innhaldsmessig. Kanskje denne sesongen har litt fleire tragediar enn forrige? Midt ut i sesongen fekk eg ei sterk kjensle av å ha sett dette før, og eg klarte ikkje riste denne av meg. Eg kan aldri hugse å ha sett serien på TV, for me har aldri hatt anna enn NRK1 og TV2 heime. Og eg tvilar på at eg har eigd DVDane heller. Rart!

 
ness
19-mar-2006

Zathura: A Space Adventure (2005)

ZathuraUser Rating: 6.0/10 (2,683 votes)

Eg såg aldri «Jumanji», men har lese at det er ein pissfilm. «Zathura» har eg derimot sett, og eg tykkjer at det er eit av dei betre eventyrfilmane for heile familien eg har sett på lenge. «E.T.» kan bit i mi blanke metallrompe! «Zathura» bør bli sett, og må vere ein superb film for barn!

Det er spennande scener som fengslar merksemda di til det ytterste, og trass at filmen føler kjente fotspor, så har ein lyst til å sjå variasjonane av terrenget undervegs. Musikken er ganske så typisk for sjangeren, og eg kan nesten vedde på at eg har høyrt temasongen før, så typisk er den. Men den fungerar, den og.

Når det kjem til fysiske lover, må du vere innstilt på å oversjå dei her. Og har eigentleg barn så mykje peiling på slikt? Du har ein brennande sofa i verdsrommet, og eit hus utan oppvarming - også i verdsrommet - som folk held seg inni utan å fryse i hel. Det er ingen luft i verdsrommet, og heller ingen varme. Men eg vil ikkje ta vekk noko av skrytet eg har gitt filmen på grunn av dette, eg vil heller anbefale den. Og takke Filmantrop sitt innlegg for å ha opplyst meg om filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-mar-2006

Oldboy (2003)

User Rating: 8.3/10 (20,998 votes)

OldboyFørst av alt, eg har sett filmen før, og oppsummert ein del av mine tankar frå den gongen i eit innlegg som kan finnast her: «Oldboy».

Tilbake til notiden. Med berre eit fåtall minner frå sist gong eg såg filmen, stillte eg med tilnærma blanke ark, og var like forbløffa, fråstøytt og underhaldt som eg blei for eit år sidan. Du får så mykje blod, klassisk musikk og seksuelle perversitet i fanget på ein gong, at du ikkje kan nekte for at det ha ei virkning på deg når det er blanda i hop. Den klassiske musikken får meg til å tenke på «A Clockwork Orange», medan anna musikk gir meg assosiasjonar til noko fransk og romantisk. Eit stort sprang som seier litt om kva musikken hadde å sei for filmen.

Som eg nemner i innlegget mitt frå i fjor, når det har gått ca 1.5 time ut i filmen, så går tempoet litt ned, og ein trur filmen er i ferd med å fase ut. Men det då den beste delen kjem!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-mar-2006

50 Ways to Leave Your Lover (2004)

User Rating: 7.8/10 (186 votes)

50 Ways to Leave Your LoverEg var litt skeptisk til filmen når eg såg namnet på den, og hadde tenkt meg at dette var endå ein av dei dårlege romantiske komediane som ville bli sett og gløymt. Talet 50 frå tittelen har i grunn ikkje så mykje med filmen å gjere. Eg har mistankar om at folka som gav ut filmen innsåg dette, og gav den ny tittel når den kom på DVD: «How To Lose Your Lover». Denne tittelen gav meg også frysningar, og gir meg inntrykk av å skulle servere meg ein stereotypisk Hollywood romantisk komedie pissfilm. Men «How To Lose Your Lover» er noko anna.

For å komme i gong, me følger Owen, ein alkoholisert forfattar som sørga over å ha blitt dumpa av den forrige dama si. Men Owen er ikkje den typiske alkoholiserte forfattaren ein ofte snublar over på film, han har sine problem, men han fungerar likevel som person. Og ein får aldri inntrykk av at det er alkoholen som øydelegg for han. Han er lei av Los Angeles og å produsere falske autobiografiar som har som formål å håve inn pengar. Han planlegg difor å reise (tilbake) til austkysten etter å ha vore sju år på vestkysten. Men på flyplassen treff han ei ny dame, som kjem til å spele ei større rolle i livet hans.

Her er faktisk det punktet i filmen der den typiske kjærleikshistoria endar, og i scene etter scene blir ein overraska over vala som blir tatt, og kva retning filmen tek. Nokre klisjear er det her og der, det er jo fortsatt ein romantisk komedie, så det er uungåeleg, men dei er ikkje dei mest tydelege.

Owen tek aldri flyet, og endar opp igjen tilbake i L.A., der han prøver å finne ut om dama han traff på flyplassen er verdt å danne eit seriøst forhold med. Og det er her tittelen kjem inn. Han finn på heller ekstreme metodar for å prøve å få ho til å dumpe han, men det går ikkje. Før…

«How To Lose Your Lover» er vittig skrive, og eg føler filmen gir ei meining. Det er ei stund sidan eg har likt ein romantiske komedie så godt. Likevel om den kanskje ikkje er gripande, eller trist, så går det. Det er tross alt ein romantisk komedie, ikkje ein romantisk tragedie. Den er hakket meir realistisk enn eg er van med, eg kan identifisere meg med rollefigurane, og den får fram at ingenting er perfekt, uansett om du skulle befinne deg på eit universitet på austkysten eller henge rundt i California. Rollefigurane er nok ikkje fullstendig realistiske på alle vis, men samanlikna med f.eks. «Just Married», «Just Like Heaven» og «Just Friends», så er ikkje dette berre endå ein dårleg romantisk komedie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
14-mar-2006

TV samlepost VII

MacGyver

Etter alt MacGyver pratet dei siste åra, og nokre gode minner frå sist gong eg såg det, som minst er 10 år sidan, så tenkte eg at det var på tide å sette seg ned og sjå ein heil sesong for å friske opp igjen. Men det gjekk ikkje, serien fenga absolutt ikkje, og det gjekk knapt med første episode.

Eg vil ikkje konkludere med noko på grunnlag av den eine episoden eg har sett, iallfall ikkje på ein negativ måte, anna enn at eg ikkje tykkte det var særleg interessant. Eg har mange venner (iallfall tre) som har sett alle MacGyver episodane, og fortsatt ser på det på TV, og innser at eg ikkje alltid kan vere den som har sett alt av ein serie, noko som heller ikkje er målet mitt. Så lenge ein serie er god så ser eg den til eg blir lei.

Men det kan hende at eg ved eit seinare tidspunkt vil ta fram igjen MacGyver, sjå det, og bli underhaldt. Enn så lenge, så får serien kvile i fred.

Shameless

Britisk serie om ein ikkje så altfor velståande familie, der mor har rømt, og far er alkoholikar. Barna er så som så med, dei har sine problem, men kan kanskje seiast å vere meir oppegåande enn ein hadde forventa av slike levekår. Den eldste søstra møter ein litt meir velståande fyr etter ei natt på byen, og ein har to sosiale motpolar å bygge på. Serien spinn likevel mest vidare rundt den «fattige» familien, iallfall i dei to episodane eg såg.

For det blei ikkje meir enn to, serien var ikkje dårleg, men den hadde ikkje det vesle ekstra som skulle til for å vekke mi heile og fulle interesse. For skodespelarane er gode, og virka meir jordnære og ekte enn ein gjennomsnitts amerikansk TV-serie. Den alkoholiserte faren er eit interessant skue, og James McAvoy er så bra snuskete sminka at han er den perfekte prikken over i-en i denne serien som er det motsette av eit glansbilde (kom ikkje på noko anna formulering der).

Men denne er ingen tragisk drama, dette er eit morsomt drama, så ting blir ofte satt litt på spissen. Enkelte situasjonar kan vere ganske ekstreme, men på ein realistisk måte. For å sette dette i perspektiv trekk eg fram humoren frå ein anna TV-serie, Scrubs, som går for det absurde. No føler eg at eg gir Shameless ein del ros her, og det er faktisk sånn eg har lyst å framstille serien, som eit positivt engasjement. Men personleg mangla den det vesle ekstra som fekk meg til å sjå meir enn to episodar.

 
ness
12-mar-2006

Beste film: Februar

StarBeste film for februar kjem seint, men godt. Denne månaden er det «Fargo», «Being There» og «First Descent» som er blant dei beste filmane som eg føler bør bli nominerte. Men det var ikkje langt i frå at andre titlar kunne ha komme med. «Jaws» var like god som «Being There».

Men den beste filmen må bli «First Descent», for det nydelege landskapet og dei adrenalinfyllte spenningsscenene, eit perfekt dokumentarfilm som bør sjåast av folk med sans for snøbrett, samt ski. Ei innsiktsrik reise gjennom snøbrettet si historie, og ei god introduksjon til noko av dei beste talenta. Filmen heng akkurat så godt saman at det ikkje bli som ei kjedeleg oppsummering av stunts og informasjon, og klarar å behalde interessa på toppen heilt fram til slutten.

 
ness
12-mar-2006

Tom yum goong (2005)

User Rating: 7.0/10 (965 votes)

The ProtectorViss du likar kampsportfilmar, så må du sjå denne! Det er den beste filmen i sin sjanger sidan «Ong-bak», og er også ein Prachya Pinkaew produksjon. Me møter Kham, spelt av Tony Jaa. Elefanten til familien hans blir stole av ein gjeng kriminelle lokalisert i Australia. Kham er trent opp som ein Jatubaht, ein krigar som skal beskytte elefanten. Noko som tilseier at han er ein god kampsportutøvar. Filmen er full av ville stunts, og er nesten meir imponerande enn «Ong-bak». Men begge to må sjåast!

Noko anna som også imponerar meg er den varierte bruken av teknikkar, men at det fortsatt virkar «ekte». Kombinert med vakkert kamerautsnitt og kameraføring, så er dette både nydeleg å sjå på samt spennande. Eg er kanskje ikkje alltid den lettaste personen å engasjere, men denne filmen blei berre betre og betre. Spesielt ei scene der Kham slåss seg veg opp 4-5 etasjar utan at scena blir klyppt.

Eg vil komme med litt kritikk på slutten, så eg ikkje framstille filmen som feilfri, blenda av alt det gode. Historien er ikkje den mest originalen, bortsett frå at dei har putta inn ein elefant her, men det fungerar. Og noko av klypping er litt for rask eller litt for sein til å få ein god flyt. Bruken av sakte kino kunne ha vore betre. Men trass desse småtinga…

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10