Filmdagbok
ness
30-apr-2006

When Worlds Collide (1951)

When Worlds CollideUser Rating: 6.6/10 (1,031 votes)

Filmantrop oppsummerar denne filmen ganske kort og presist. Er forsåvidt enig i det som blir står der.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-apr-2006

The Day the Earth Stood Still (1951)

The Day the Earth Stood StillUser Rating: 8.1/10 (12,651 votes)

I og for seg talar den gjennomsnittlege karakteren på IMDb godt på vegne av filmen. Den er både underhaldande, og tek om det sentrale temaet om at folk er redde det ukjente, samt andre viktige punkt som eg ikkje vil gå så mykje innpå her. Ettersom eit enkelt søk på internett vil avdekke nok av anmeldelsar og generelle tekstar om filmen, både positive og negative. Så vil eg heller vie posten her til nokon velvalte sitat frå filmen. Det er ingen garanti for at sitat ikkje inneheld avsløringar for filmens historie. Nyt lesinga.

Klaatu:”Your choice is simple. Join us and live in peace or pursue your present course and face obliteration. We shall be waiting for your answer. The decision rests with you.”

Klaatu: “I came here to give you these facts. It is no concern of ours how you run your own planet. But if threaten to extend your violence, this Earth of yours will be reduced to a burned-out cinder.”

Mr. Harley: “Your impatience is quite understandable.”
Klaatu: “I’m impatient with stupidity. My people have learned to live without it.”
Mr. Harley: “I’m afraid my people haven’t. I’m very sorry… I wish it were otherwise.”

Helen: “I thought you were…”
Klaatu: “I was.”

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-apr-2006

The Hound of the Baskervilles (1972)

The Hound of the BaskervillesUser Rating: 5.4/10 (84 votes)

Ingen stor produksjon dette her, men i botn ligg ein god kriminalroman av Sir Arthur Conan Doyle. Som det ligg i korta då, så er dette ei Sherlock Holmes historie, lagt til første halvdel av 1890-talet. Ei eldre myte blir aktuell igjen når Sir Charles Baskerville blir myrda av noko som ser ut til å vere ein stor hund. Holmes’ nære venn og kollega, Dr. Watson, slår følge med Sir Henry Baskerville, son til den avdøde, tilbake til Baskerville Hall. Vidare møter me ein del folk som i forskjellig grad har noko å sei for årsaka til drapet på Sir Charles. Også andre historiar blir miksa inn for å skape litt forvirring, typisk kriminalhistorie med andre ord.

Om filmen er god? Om ein klarar å oversjå den dårlege produksjonen, som inneber eit skrøpeleg lydspor og bildekvalitet lik ei gjennomsnittleg TV-sending, så er dette ein spennande film. Det tek litt tid før det heile kjem i gong, noko som trekk litt ned. Basert på ei bok, som denne TV-filmen er, så er det forståeleg. Og eg trur ikkje denne skil seg særleg frå mange andre kriminalhistoriar overført frå klassiske bøker. Likevel om eg har lese meir bøker enn det verka som den gjennomsnittlege ungdomen gjer, så har eg aldri lese anna Sherlock Holmes materiale enn det som kjem fram gjennom Basil Mus (engelske Wikipedia eller norsk Wikipedia). Poenget mitt er den at eg tykk Holmes som karakter er litt vel overlegen, samt han framstår som uhyre intelligent, og eit overnaturleg godt blikk for detaljar. Men dette er jo dei kjenneteikna som har gjort han til ein så godt kjent detektiv.

Holmes is famous for his prowess at using logic and astute observation to solve cases.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
29-apr-2006

Brother Bear (2003)

Brother BearUser Rating: 6.6/10 (5,150 votes)

Ein fin familiefilm frå Disney om ein gut som blir forandra til ein bjørn, og satt ut på ei lang reise der han finn ut kva verdiar som er viktige i livet. Med andre ord ein standard animasjon/teiknefilm frå Disney. Skulle eg ha valt, så hadde eg sett denne igjen framfor Ice Age: The Meltdown (2006), men dei er i grunn ganske så like på innhald. Denne filmen her har sine morsomheiter, og ei litt rørande historie, og burde vore Disney Feature Animation si punktum i staden for den tamme Home on the Range (2004).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
29-apr-2006

The Beautiful Country (2004)

The Beautiful CountryUser Rating: 7.3/10 (643 votes)

Hans Petter Molands dramatiske film om den vietnamesiske guten Binh (Damien Nguyen), som har hatt ei hard oppvekst fordi han er “bui doi”. Å vere “bui doi” betyr at han har vietnamesisk mor, men amerikansk far som var soldat i landet under Vietnamkrigen. Binh veks opp på landet, men blir kasta ut på grunn av plassmangel når eine jenta i huset skal gifte seg. Han får vite at mora hans fortsatt lever og reiser for å finne ho. Vidare involvera filmen blant anna ei lang og hard reise til USA.

Filmen er over to timar lang, og kjem i den lengdekategorien eg har vanskeleg for å sette meg ned med. Men laurdagskveld som det er, så har eg hatt god tid til å sjå den. Tankane mine til filmen går i den retning at eg slapp den type forutsigbarheit i form av handlingane folk gjer, og dei avgjerelsane dei tek, og at eg derfor kunne fortsette å sjå, ettersom eg ikkje visste korleis ting skulle gå. Om slutten var overraskande kan jo heller diskuterast, men vegen dit var verkeleg ei sterk historie, og innehar ein del tragiske episodar. Filmen handlar om håp for det betre, enn at forandringar faktisk skjer. Akkurat når ein trur folk er på veg til å bli betre personar, så blir ein skuffa. For her er det ingen svinging med tryllestaven.

Tittelen The Beautiful Country har meir enn ei meining. For Binh er det USA som er det vakre landet, for Steve (Nick Nolte) er det Vietnam som er det. Om desse landa utelukkande kan bli kalla vakre bør også bli teke opp for diskusjon, for bilde me får i filmen er til tider langt frå det tittelen lovar. Filmen til sjuande og sist, er vakker, både på bilde- og musikkfronten blir det lagt opp til det rolege og skjønne. Til slutt kan eg nemne at det var den amerikanske versjonen på 125 minutt eg såg, medan den norske er på 137 minutt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-apr-2006

Everything You Want (2005)

Everything You WantUser Rating: 6.2/10 (105 votes)

Eg er overraska, over at filmen faktisk ha klart å score så høgt som 6.2. For denne filmen er ikkje akkurat alt eg har lyst på, men meir som i det meste av det eg ikkje har lyst å sjå i ein film. Så spørsmålet er då kvifor eg tok meg bryet med å sjå filmen, som er ein TV-film, og aldri har gått på kino (etter det eg har observert). Svaret er ganske simpelt, eg hadde tilgong til den, og Shiri Appleby spelar hovudrolla som Abby Morrison. Shiri Appleby er ikkje kjent for så mykje meir enn TV-serien Roswell, men har faktisk spelt i ein del filmar etter kvart. Dette var den første eg såg av dei, og eg er ikkje imponert.

Nokre stikkord som kan gi eit hint om filmens gang: College. Kunstelev. Imaginær kjærast. Ekte type. Konfrontasjon. Trist. Forutsigbar. Søt Shiri.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-apr-2006

The Squid and the Whale (2005)

The Squid and the WhaleUser Rating: 8.0/10 (4,314 votes)

Bernard og Joan skil seg, Bernard flytta ut, og sønene Walt og Frank må dermed bu tysdag, onsdag, laurdag og annakvar torsdag hjå faren, og resten av mora. Etter det skjer det ein del rare ting, som kan vere på grunn av skilsmissen, eller som ville skjedd uansett. Måten dette blir servert på er som ein roleg komedie slæsj drama. Av den typen som eg er ganske glad i frå før. Så dette var ein film eg satte pris på. Og når Tangerine Dream dukka opp i bakgrunnen med Love On A Real Train, så kunne ikkje eg anna enn å smile breidd. Har ikkje stort meir å sei her, men les gjerne anmeldelsen til Gunnar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-apr-2006

Inosensu: Kôkaku kidôtai (2004)

Ghost In The Shell 2User Rating: 7.6/10 (3,226 votes)

Følger opp gårsdagens heimevising av Ghost in the Shell med oppfølgaren, Ghost in the Shell 2: Innocence, ev. berre Innocence. Den første umiddelbare forskjellen frå første film er animasjonen, det er langt meir av CGI, men filmen har fortsatt beholdt sjarmen. Dei meir avanserte animasjonane blir brukt både i action. og visingsscener, eller kunstscener om ein vil kalle det det. Ein anna forskjell med første film er at dei har tatt seg lengre tid til visse ting, som å ha eit par ekstra sterke musikkrike scener, og generelt fått meir stemning på filmen. Blant anna er det er ein fryd å sjå når Batô og Togusa køyrer gjennom neonlysfyllte nabolag med jazz (rett meg om eg burde kalle det noko meir spesifisert enn jazz!) i bakgrunnen.

Historien fortsett på ein måte der første film slutta, men istaden for å følge Major Motoko Kusanagi, er det Batô som blir hovudpersonen vår denne gong. Så dette blir ikkje direkte ein fortsettelse på forrige film, men meir ein oppfølgar. Det er 3 år sidan hendingane med The Puppet Master, og Batô blir involvert i ei etterforsking (som ikkje har noko med The Puppet Master å gjere, men) av ein cyborg korporasjon kalla Locus Solus, som lagar gynoidar, ulovlege “sex dolls”. Med seg har han Togusa, og saman finn dei på mykje sprell, mildt sagt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-apr-2006

Kôkaku kidôtai (1995)

Ghost in the ShellUser Rating: 7.8/10 (12,261 votes)

Mest kjent som Ghost in the Shell, er dette ein actionfyllt, og også kort, animefilm. Vanlegvis foretrekk eg å sjå anime med originalspråket, og heller ha undertekstar til, men her blei det til at eg såg med den engelske talen. Det gjekk forsåvidt fint, med unntak av at stemma til Major Motoko Kusanagi kunne bli litt lite engasjerande når ho snakka samanhengande over lengre tid.

Elles er filmen meir enn eg hadde håpt på, ettersom eg har sett ein halv episode av TV-serien Ghost in the Shell tidlegare, ein serie som ikkje engasjerte meg så mykje. Her blir ein servert ein historie som ein kan forstå, og ikkje altfor mykje teknologisk dilldall. Eit problem med f.eks. Full Metal Panic: The Second Raid serien, som var så smekkfull av tekniske begrep, at ein aldri fekk med seg samanhengen i noko som helst.

Historien vil eg ikkje gå gjennom her, ettersom Jacob har skrive om denne filmen tidlegare. Eg vil derimot avslutte med at eg har fått smaken for å sjå oppfølgaren, noko dei som har sett Ghost in the Shell kanskje vil forstå. Den er imidlertidig 20 minutt lengre, så får håpe den held same nivå gjennom heile filmen som denne gjorde.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-apr-2006

How High (2001)

How HighUser Rating: 4.9/10 (4,247 votes)

Eit gjensyn med denne marihuanafyllte filmen, som eg ikkje var heilt sikker på om eg hadde sett før når eg satte meg ned i sofaen. Men det hindra meg uansett ikkje så sjå den eingong til. Til saken, How High (2001) er absolutt ingen Oscarkandidat, og var det aldri heller når den kom ut. Den er så enkel og overfladisk som ein komedie kan bli, utan at det gjer den mindre morosam. Faktisk så er det ganske så greitt å sette seg ned med slik dum humor av og til, for å sleppe å tenke, men for å slappe av.

Slappe av er noko våre venner Silas (Method Man) og Jamal (Redman) også er. Eg orka ikkje forklare korleis ting skjer, anna enn at Silas’ venn dør, og oska hans blir brukt i ei potteplante (les: marihuana). Dei som røyker pot frå planta ser Ivory som spøkelse. Uansett gjer Silas og Jamal seg nytte av spøkelset (Jamal kjem inn i bildet innimellom her ein plass), og kjem seg inn på Harvard, og der finne dei på ein del typisk collegeshit, som ein ser i andre filmar; festar, røyking, held på å bli kasta ut, osv. Men det verste av alt er at det virka som filmen faktisk har ein moral, at så lenge ein gjer ein innsats, så kan ein få utretta det ein vil, uansett kven du er. Enkelt nok.

Kjem kanskje litt feil ut samanlikna med andre filmar, men eg tykkje ikkje denne filmen er så aller verst til sitt formål.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10