Breakfast on Pluto (2005)
Breakfast on Pluto er basert på ei bok av Patrick McCabe frå 1998, og me møter ein prostituert transvestitt med same fornamn som forfattaren. Patrick “Kitten” Braden (Cillian Murphy) gjer ikkje sitt på å skjule legninga si, men viser seg heller som ein veldig sprudlande person, som ikkje er redd for konsekvensane av handlingane sine. Noko som fører til at han bl.a. rotar seg bort i republikanske terroristar (les: Irland).
Det er i grunn ei tragisk historie som blir fortalt, og det er klart at det ligg meir bak handlingane til Patrick enn “just for kicks”. Men det heile blir fortalt som ein komisk historie, noko som gjer at filmen faktisk blir morsom og underhaldande. Historia er også delt inn i kapittel etter boka, så ein får alltid nokon små vekkarar om kva ein kan forvente dei neste minuttane, iallfall delvis. Så på meg virka det heile som ein god filmatisering, likevel om eg ikkje har lese boka. Det fungerar iallfall bra.
Når det gjeld det tekniske kan eg ikkje la vere kommentere den svake stemma til Cillian Murphy. Den er utruleg lys og låg, og eg kan ikkje skjønne at den blir høyrt av karakterane i filmen like godt som av oss framfor skjermen. Mange episodar har bakgrunnsstøy som realistisk sett hadde overdøvt stemma totalt. Det blir eigentleg berre ein bagatellsak, og ettersom eg med undertekst ikkje hadde problem med å få med meg noko som blei sagt uansett, så skal eg ikkje pirke meir på det. Men det må bli nemnt.
Til slutt vil eg nemne musikken, som eg ikkje kunne unngå å legge merke til. Her er The Rubettes, god gammal musikk av Van Morrison og Harry Nilsson, for å nemne nokre. Den er med på å sette stemning, gi meining og plassere filmen tidsmessig.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

