ness
19-apr-2006

The Elephant Man (1980)

IMDb: 8.2/10 (20,991 votes)

The Elephant Man«The Elephant Man» av David Lynch er ein av dei filmane som har gjort størst inntrykk på meg på veldig lenge. Eg hadde faktisk gløymt at ein film kunne få fram så mykje. Om dette skuldast at eg ser ein del film, så det blir ein vanleg del av kvardagen, eller at eg ikkje har sett så gode filmar på ei stund, er eg faktisk usikker på.

Filmen handlar kort fortalt om Jospeh Carey Merrick, i filmen kalla John Merrick, eit namn også brukt i fleire sammenhengar. Han er veldig deformert, spesielt i ansiktet, og blir kalla Elefantmannen. Merrick er eit offer for menneskets nysgjerrigheit, i og med at det alltid er nokon som ser verdien i å ta betalt for å stille han ut. Ein dag får doktor Frederick Treves nyst om Merrick, og reiser for å sjå han. Han oppdagar at Merrick er sjuk, som i ikkje berre deformert, men at han har bronkitt. Merrick blir teke til sjukehuset og får godt stell og får sjanse til å utfolde seg på eit meir intellektuelt basis. Overklassen får interesse for Merrick, og spørsmålet er om han eigentleg lever eit same type liv, men blir vist fram på ein anna måte.

Filmen er presentert i svart/kvitt, noko som eg må innrømme eg ikkje er så veldig glad i. Men her er eg glad det er svart/kvitt, for eg fekk eit mykje sterkare inntrykk om at dette foregikk for lenge sidan, enn eg for eksempel fekk i «Oliver Twist». Ansiktet til Elefantmannen blir heller ikkje nok ein dårleg sminka utvekst i grelle fargar. Dei grå og mørke miljøa set også ekstra dyster stemning på filmen. Men det må nemnast at dette ikkje er ein deprimerandes film, og montasjen frå eit teaterstykke lengre ute i filmen var ein av dei betre og gladare eg har sett.

Musikk er eg ikkje så flink å sette andre ord på enn god og dårleg. I denne filmen er musikken god. Den er komponert av John Morris og er veldig stemningsfull. Den passa veldig godt inn, og nok ein David Lynch film for meg har dermed holdt seg med god musikk.

PS: Hadde eg servert bilde frå filmar i denne bloggen, ville eg ikkje lagt med bilde av Elefantmannen. Har du sett han, så har du sett han. Men har du ikkje, så anbefala eg sterkt det å bli overraska, og det å måtte sitte å vente for å sjå han. Gjer dette meg/oss betre enn folka i filmen? Eg trur eg avsluttar her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10