Kôkaku kidôtai (1995)
User Rating: 7.8/10 (12,261 votes)
Mest kjent som Ghost in the Shell, er dette ein actionfyllt, og også kort, animefilm. Vanlegvis foretrekk eg å sjå anime med originalspråket, og heller ha undertekstar til, men her blei det til at eg såg med den engelske talen. Det gjekk forsåvidt fint, med unntak av at stemma til Major Motoko Kusanagi kunne bli litt lite engasjerande når ho snakka samanhengande over lengre tid.
Elles er filmen meir enn eg hadde håpt på, ettersom eg har sett ein halv episode av TV-serien Ghost in the Shell tidlegare, ein serie som ikkje engasjerte meg så mykje. Her blir ein servert ein historie som ein kan forstå, og ikkje altfor mykje teknologisk dilldall. Eit problem med f.eks. Full Metal Panic: The Second Raid serien, som var så smekkfull av tekniske begrep, at ein aldri fekk med seg samanhengen i noko som helst.
Historien vil eg ikkje gå gjennom her, ettersom Jacob har skrive om denne filmen tidlegare. Eg vil derimot avslutte med at eg har fått smaken for å sjå oppfølgaren, noko dei som har sett Ghost in the Shell kanskje vil forstå. Den er imidlertidig 20 minutt lengre, så får håpe den held same nivå gjennom heile filmen som denne gjorde.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
