The Beautiful Country (2004)
User Rating: 7.3/10 (643 votes)
Hans Petter Molands dramatiske film om den vietnamesiske guten Binh (Damien Nguyen), som har hatt ei hard oppvekst fordi han er “bui doi”. Å vere “bui doi” betyr at han har vietnamesisk mor, men amerikansk far som var soldat i landet under Vietnamkrigen. Binh veks opp på landet, men blir kasta ut på grunn av plassmangel når eine jenta i huset skal gifte seg. Han får vite at mora hans fortsatt lever og reiser for å finne ho. Vidare involvera filmen blant anna ei lang og hard reise til USA.
Filmen er over to timar lang, og kjem i den lengdekategorien eg har vanskeleg for å sette meg ned med. Men laurdagskveld som det er, så har eg hatt god tid til å sjå den. Tankane mine til filmen går i den retning at eg slapp den type forutsigbarheit i form av handlingane folk gjer, og dei avgjerelsane dei tek, og at eg derfor kunne fortsette å sjå, ettersom eg ikkje visste korleis ting skulle gå. Om slutten var overraskande kan jo heller diskuterast, men vegen dit var verkeleg ei sterk historie, og innehar ein del tragiske episodar. Filmen handlar om håp for det betre, enn at forandringar faktisk skjer. Akkurat når ein trur folk er på veg til å bli betre personar, så blir ein skuffa. For her er det ingen svinging med tryllestaven.
Tittelen The Beautiful Country har meir enn ei meining. For Binh er det USA som er det vakre landet, for Steve (Nick Nolte) er det Vietnam som er det. Om desse landa utelukkande kan bli kalla vakre bør også bli teke opp for diskusjon, for bilde me får i filmen er til tider langt frå det tittelen lovar. Filmen til sjuande og sist, er vakker, både på bilde- og musikkfronten blir det lagt opp til det rolege og skjønne. Til slutt kan eg nemne at det var den amerikanske versjonen på 125 minutt eg såg, medan den norske er på 137 minutt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
