Archive for mai, 2006

The Rules of Attraction (2002)

onsdag, mai 31st, 2006

IMDb: 6.6/10 (11,791 votes)

The Rules of AttactionDenne filmen må ha gått inn eine auge og ut igjen det andre sist eg såg filmen, for her hugsa eg ingenting. Eg var usikker på om eg hadde sett filmen det første kvarteret, men fekk etter kvart ei sterk aning ved å ha observert visse personar nok. Filmen er morosam i sin dysterheit, overdreven bruk av narkotika blant college-studentar og temafestar som f.eks. “Dressed to get screwed party” set det heile på spissen. Alle absurdheitane og dei ville karakterane gjer det underhaldande, men historien er heller litt rotete.

6/10

Escape from the Planet of the Apes (1971)

onsdag, mai 31st, 2006

IMDb: 5.9/10 (3,614 votes)

Escape from the Planet of the ApesMe flyttar oss tilbake til jorda, året er 1973. To år etter Taylor sitt romskip blei sendt ut på den lange ferda. Eit romskip blir oppdaga ved kysten av California, og ut stig tre intelligente sjimpansar. Folk tek desse skapningane til seg, og dei blir umiddelbart nye mediefavorittar. Men alt er ikkje berre fryd og gammen, for det som har skjedd dei i underkant av 2000 åra i mellom 1973 og 3955 kan verke som ein trussel på menneska.

Settingen er ein av dei største forandringane i denne filmen i forhold til sine forgjengarar. I staden for ei meir primitiv og eksotisk framtid med ruinar og apelandsbyar får me det typiske USA på starten av 1970-talet. Dette er ikkje noko nytt og spennande, og gjer sitt til at resten må sette større inntrykk. Historien minnar meg veldig om den frå første filmen. Forskjellen er at her kjem apekattane til ei menneskeverd, og at menneska ikkje umiddelbart går til angrep på apekattane.

Det blei litt for mykje politikk og meir ein slags rømningsthriller enn eg hadde satt pris på. Eg vart litt utålmodig etter kvart, men hadde likevel ingen problem med å sjå ferdig filmen. Så det var ikkje dårleg.

5/10

Beneath the Planet of the Apes (1970)

tirsdag, mai 30th, 2006

IMDb: 5.9/10 (4,431 votes)

Beneath the Planet of the ApesMed unntak av eit par detaljar er eg godt fornøgd med denne filmen. Filmen fortset der «Planet of the Apes» slapp, og introduserar veldig kjapt ein ny karakter, Brent, som saman med Nova prøver å finne Taylor. Brent kom til planeten på same måte som Taylor, for å finne ut kva som skjedde med det romskipet, og krasjlanda så hardt at den andre astronauten døydde.

Fokuset til denne filmen ligg meir på bruk av våpen for bevaring eller til å oppnå fred, og kor dumt dette er. Filmen er sånn sett endå veldig aktuell. Elles bygg den og på ein del av dei same tinga som forrige film. Den er ikkje så nyskapande som forrige, og er tvilsomt ein film som gir nokon særleg god oppleving viss ein ikkje har sett den forrige. Har ein derimot det, så er dette absolutt god tidtrøyte, i ordets positive forstand. Og eg kan elles røpe så mykje som at slutten var godt overraskande.

«Planet of the Apes» har hittil appellerert ein del til meg, og eg sat oppslukt store deler av filmen i spenning av korleis det heile skulle utvikle seg vidare. Halve filmen gjekk unna som dugg for solen, og resten som … hmm … dugg for solen den og.

6/10

Planet of the Apes (1968)

tirsdag, mai 30th, 2006

IMDb: 7.9/10 (25,521 votes)

Planet of the ApesFor ein opptur etter å ha sett 2001-versjonen. Denne filmen er ribba for dei banale vitsane og humoristiske karakterane som var med i 2001-versjonen for å gjere filmen meir publikumsvennleg. Filmen hoppar ikkje for fort framover, men tek seg tid til å underbygge framgangen. Av og til brukar den så mykje tid at eg nesten blir utålmodig, men berre nesten. Som når Taylor har mista stemma og ikkje kan vise apekattane at han faktisk kan snakke, og tenke. Det tok si tid, men var ein fornøyelse.

Historien bak filmen er ganske enkel. Eit romskip med nokre folk blir sendt i veg ut i verdsrommet. Etter månader i søvn, og fleire tusen år fram i tid styrtar romskipet på ein planet. Hovudpersonen Col. George Taylor (Charles Heston) og dei to andre overlevande frå romskipet kjem seg ut av det før det synk, dei går ei stund i ein ørken før dei oppdagar mennesker og blir fanga av apekattar. Under kampen for å unngå å bli fanga blir Taylor skoten og mistar stemma.

Filmen er i tillegg til å vere god underholding, meir samfunnskritisk enn sin remake. Gjennomsyra med skepsisme til, og det å nekte å godta noko totalt framand, blir det indirekte kritikk til både rasisme og krigsføring. No gjenstår det å sjå kva dei neste filmane i serien vil bringe.

7/10

Planet of the Apes (2001)

tirsdag, mai 30th, 2006

IMDb: 5.6/10 (35,325 votes)

Planet of the ApesFor dei som ikkje har fått med seg historien tidlegare, så er det som skjer følgande: Leo Davidson er på eit romskip som forskar på elektromagnetiske stormar. For å utforske dei brukar dei spesialtrena apekattar for å finne ut om det er trygt å fly inn i stormane. Slik forsvinn ein apekatt, og Leo reiser utmiddelbart etter for å finne den, utan tillatelse frå sin overordna på romskipet. Han går også tapt i stormen, og blir sendt fram i tid der han hamnar på ein planet som apekattane er overordna menneske.

Ein av Tim Burton sine svakare regisserte filmar har likevel mange likskapar med fleire av dei andre filmane hans. Musikk av Danny Elfman, og framsyning i ein eller anna form, her som apekatt, av Helena Bonham Carter. Men dette har ingenting å sei når filmen er overfyllt av halvmorosame one-liners, uskuldige kampscener (les: sverdkutt utan blod), og ein film som ser ut til å ta mykje for gitt. Filmen kunne gjerne vart 20 minuttar ekstra for å forklare bakgrunnen for alle vala som blir tatt. Nokon val derimot er det ikkje mogleg å forklare kvifor blir brukt. Forklaring: Ein ung gut får gjentakande beskjedar om at han ikkje får vere med å sloss, han trassar likevel beskjedane og følger med. Det er ikkje til å unngå at han kjem i trøbbel. Når eg skriv det her blir det ikkje ein spoiler eingong, for det luktar forutsigbart tvers igjennom når ein ser det uansett.

Grunnen til at eg ser filmen igjen, når den ikkje er så altfor god, er at eg sit med eit bilde av den som ikkje blir endra av det eg har nemnt over (og meir til). Planet of the Apes verkar som ei spennande moglegheit, som diverre har blitt misbrukt her. Dessutan har eg planar om å sjå dei fem første filmane, ettersom eg berre har sett denne versjonen og den originale «Planet of the Apes» før, så eg tenkte å starte med ein dårleg først.

4/10

Romance & Cigarettes (2005)

mandag, mai 29th, 2006

IMDb: 6.5/10 (470 votes)

Romance and CigarettesJohn Turturros «Romance & Cigarettes» markerar eit vegskilje i mitt forhold til musikalar. Det er den første filmmusikalen eg kan like meir på grunn av musikken enn den resten av filmen. Godbitar frå Tom Jones, Bruce Springsteen og James Brown er blant anna å finne her. Grunnen til at eg ser på dei musikalske framføringane som den sterkaste delen av filmen er ikkje at historien er svak, men den er kanskje litt rotete fortalt. Ein får likevel med seg hendingane utan problem, så det er ikkje direkte øydeleggande. Synginga gir eit inntrykk av å ikkje vere perfekt som i mange andre musikalar. Her blir det sunge med originalsongane med vokal i bakgrunnen, og sangstemmene er ikkje alltid like pene, men ingenting eg kunne komme over var falskt heller. Det blir ein eigen sjarm. Dansinga er morosam å sjå på, og er ei etterlikning av mangt ein musikal.

Alt i alt vil eg sei John Turturro har gjort ein god film. Den har eit stykke igjen til å vere fantastisk, og har sine manglar. Men er absolutt ein verdig filmoppleving. Ein anbefaling i musikalsjangeren, om du vel å kategorisere den der. Ser ut til at folk er ueinig på det punktet, men eg ser ikkje grunn til å la vere å kalle dette ein musikal.

6/10

Lucky Number Slevin (2006)

søndag, mai 28th, 2006

IMDb: 7.5/10 (7,485 votes)

Lucky Number SlevinEg kan ikkje skrive om denne filmen utan å nemne «Snatch.». Sjølv er eg ingen god filmkjennar på det profesjonelle planet, men eg ser likskapen i redigeringa, og deler av oppbygginga. Måten å fortelle ei historie på, bruken av namn som The Rabbi, The Boss og Goodkat. Men det blir ikkje ei mølje med referansar til Guy Ritchie, iallfall føles det ikkje slik. Det er ein artig og vellaga krimthriller, gjerne litt forutsigbar, men absolutt verdt sine minuttar. Det blir ingen romantisk kliss med Lucy Liu, ingen umenneskeleg actiohelt av Bruce Willis. Rett og slett ein godt balansert film.

6/10

Lost sesong 2

torsdag, mai 25th, 2006

Lost sesong 224 episodar.

Den andre sesongen av «Lost» har i litt for stor grad vore prega av fillers. Ein periode midt inne i sesongen gav eg faktisk opp å følge med fast, og måtte spare opp nokre episodar for i heile tatt å få glede av å sjå på serien. Sesongen starta ganske intensivt, og framleise tempoet frå sesong-finalen til første sesong i nokre episodar før det heile roa seg ned. Ikkje før det var rundt 4 episodar igjen av sesongen blei tempoet auka merkbart igjen.

Innhaldsmessig har serien utvikla seg til å sette større krav til sjåaren. Fleire og fleire uforklarlege ting har skjedd, og mange av dei har ikkje blitt tatt opp igjen. Sånn sett har denne sesongen vore litt frustrerande, sidan den nesten ikkje har gitt nokon forklaringar, men heller ting å undre over. Utan å avsløre noko kan eg nemne at sesongfinalen tek opp igjen ein del trådar, både frå første og andre sesong til publikums glede. Ein får nokon forklaringar, og nokon nye spor så ein kan prøve å tenke seg løysinga på ting sjølv. J. J. Abrams sa tidlegare i vår i eit intervju med TV.com at denne dobbelepisoden av ein finale skulle bli: «[The] Best. Finale. Ever.». Alle utsegn av denne typen er å ta med ei klype salt, men personleg tykkte eg likevel finalen i første sesong var betre. Det støre spørsmålet eg stiller no etter endt sesong er i kva grad den tredje sesongen blir fyllt med fillers.

Eg har verka litt vel kritisk i dette innlegget, men meinar framleis at serien er god og har mykje å komme med framover. Likevel har «Lost» for meg gått frå å vere ein av fjorårets beste seriar til å bli ein grei serie dette året. Eg er rimeleg open for kva som skjer neste sesong, og har planar om å fortsette å følge fast med på serien, om tempoet ikkje synk til det uutholdelege.

Seinfeld sesong 3

torsdag, mai 25th, 2006

23 episodar.

Seinfeld sesong 3Ikkje noko særleg annleis enn andre sesong i kvalitet. Fleire episodar. Litt fleire episodar ute av leiligheita til Jerry, noko som sikkert har med å gjere at serien har fått fleire midlar etter kvart. Elles veldig morosamt.

Vertigo (1958)

tirsdag, mai 23rd, 2006

IMDb: 8.5/10 (42,155 votes)

VertigoEg hadde forventa fleire høgder, men er likevel ikkje skuffa over filmen. Det var ei fin oppleving, litt uvant tempo med tanke på dagens filmar, men ikkje kjedeleg. Historien er spesiell nok til å få ein til å tenke innimellom, og av og til nesten litt småekkel. Ikkje på grunn av høgdane, men på grunn av enkelte av personane i nokon rare situasjonar. Som det med bilde i galleriet, det minna meg om eit bilde eg såg i Brødrene Dal når eg var yngre. Filmen er også spennande, spesielt i scenene der Scottie følger etter Madeleine. Det er så enkelt, og så rart ho aldri ser han i dei openlyse etterfølgingane, men likevel spennande. Også er det kamera, filmen er ein fryd å sjå på, og bilde her har også fått ei god oppussing, noko som sikkert kom godt med, når filmen er neste 50 år gammal.

6/10