Brazil (1985)
Enkelte gonger dukkar det opp filmar som går over hovudet mitt, og som eg heilt mistar grepet på undervegs. Brazil (1985) er ein av dei. Eg kjenner igjen visse grep frå Nineteen Eighty-Four (1984), men her er det snakk om rot i systemet. Papir held orden på det meste. Og ingen ting kan skje utan at ein må fylle ut skjema. Hovudpersonen vår, Sam Lowry (Jonathan Pryce), får gjennom jobben sin kjennskap til ei kvinne som han har sett i draumane sine. Slik byrjar jakta på ho. I tillegg skjer det vanvittig mykje anna, filmen er full av visuelle inntrykk. Og eg fekk ikkje alltid med meg alt. Det er kanskje verdt å nemne at regissør Terry Gilliam hevdar at han ikkje har lese Nineteen Eighty-Four, så filmen er ingen parodi på den. Men den er absolutt morsom, og gjerne irriterande og masete til tider.
Eg fekk sett Criterion Collection utgåva av filmen, den lange, originale versjonen. Men DVDen inneheld også Sheinbergs versjon. Som har fått ein anna slutt, tilpassa det amerikanske TV-publikumet. Ein anna gong, om eg får sett filmen igjen, og skjønnar den hakket meir, så skal eg kreditere filmen betre. Men dette vart litt for smart for meg.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

