Seinfeld sesong 2
13 episodar.
Akkurat lang nok sesong, med stort sett gode episodar. Har sett ein del av dei før, men komedie går som regel ganske greitt å sjå om igjen. La merke til at kvaliteten på skodespelinga ikkje alltid er like seriøs, noko som eigentleg gjorde det heile meir truverdig morsomt. Det er jo ein latterbokskomedie, eller multi-kamera komedie som det også blir kalla. Om ikkje det blir brukt latterboks, så er det iallfall latter i bakgrunnen, noko som verka inn på din eigen oppfatting av situasjonane. Noko eg ikkje er særleg fan av, men gjer unntak for likevel.
Fordelen med ein kort sesong er at den kan bli gjort unna veldig fort, to dagar tok dette, kunne fått det til på ein sjølvsagt. Men får meir glede av det når det får tid til å synke inn. Vurdert i eit, er Seinfeld sesong 2 absolutt underhaldande, og friskt.

The Chinese Restaurant er klart den beste episoden i sesong 2. Morsomt å se at de endrer litt på presentasjonen i episodene fremover. Begynner å finne formen her, så absolutt.
Ja, og betre blir det etter kvart når dei kjem så langt at dei startar å vitse med ting som har skjedd i tidlegare eps. (for å belønne dei som har fulgt med) i tillegg til vanleg vitsing.
Allerede i den aller første episoden (piloten) blir jo ‘The Opposite’ nevnt. Dette vies jo en hel episode i sesong seks eller noe.
Kan så godt stemme det ja, merka at tidlegare storylines blei brukt opp igjen på litt anna måte.
Det er greitt når serien i 3. eller 4. sesong (eller var det 5.?) startar å ha ein samanheng i forholda til gjengen mellom episodane og. Tidleg er det jo slik at kvar episode står ganske åleine, og at Jerry brått har ny dame i neste. Litt meir grunn å stå på. Men ikkje så mykje at sjarmen med Seinfeld blir borte, det enkle.
Tek eg ikkje feil er vel sesong 7 komme på DVD…