Veronica Mars sesong 2
22 episodar.
Dette kunne gå begge vegar, etter god første sesong var det ingen særlege spor om kva andre sesong skulle handle om. Men eg sit igjen med eit ekte smil no etterpå. Der andre seriar har skuffa, gått opp og ned i kvalitet, har Veronica Mars gått opp på eit godt nivå, og halde seg der stabilt heile hausten, vinteren og våren. Dette er ein av dei seriane eg veldig varmt får lyst å anbefale, men er redd folk ikkje vil ta meg seriøst for. Det er jo snakk om high school.
Veronica Mars har blitt meir vaksen, og prega av alvor. Serien er ikkje blitt så mykje mørkare, men å seie at den ikkje har blitt litt eingong er å lyge. Det er ikkje fullt så mange småsaker lengre, og historien i serien, eller historiane, krever faktisk at ein følger med. Men den har beholdt dei vittige kommentarane, som ikkje berre kjem ut tilfeldig. Den har beholdt det gode samspelet mellom Keith og Veronica (Enrico Colantoni og Kristen Bell). Og den har blitt fornya for ein tredje sesong.
Eg har kanskje ikkje så mykje meir å sei om serien, men det er fordi den er vanskeleg å kategorisere. Det er ikkje snakk om ei lita jente på high school som utfører vennetenester (o.l.), men heller ikkje ei fullverdig kvinneleg privat etterforskar. Serien har god dialog, nydeleg bildemateriale, og stort sett greie skodespelarar (det kan skrante litt her og der innimellom). Men historia er viktigast, og er den som gjer serien verdt å følge med på.

Du må vere innlogga for å kommentere.