Everybody Hates Chris sesong 1
22 episodar.
Dette er ein komedie om oppveksten til komikar og filmskodespelar Chris Rock. Me møter Chris i ein alder av 13 år, og følger han utover starten av 1980-talet. Den unge Chris Rock er spelt av Tyler Williams, ein ukjent skodespelar for meg før denne serien, men forteljarstemma er av Chris Rock sjølv. Resten av gjengen er også ukjente for meg, bortsett frå han som spelar faren til Chris, Terry Crews. Tittelen til serien viser til at alle hatar Chris, noko som ikkje stemmer, men etter alle problema Chris kjem bort i, kan det neste verke sånn på han.
Viss du er ute etter å sjå Chris Rock som han ofte er i filmar, så blir du kanskje litt skuffa når du ser denne serien. Den er god, det er ikkje det, men det er ikkje akkurat Chris Rock stand-up eller Chris Rock på film. Det er heller ein komedie type on-location med ein avslappa ung Tyler Williams i hovudrollen, så ein slepp ei stressande kjensle hengande over seg mens ein ser på. Sidan serien utspelar på starten av 1980-talet tek Ali LeRoi og Chris Rock, drivkreftene bak serien, i bruk fleire ting som som nytt eller “in” på starten av 1980-talet. Sjølv vart eg ikkje født før midten av tiåret, så eg er ikkje så godt kjent med det, og spesielt ikkje i USA. Men det heile verka realistisk nok, og litt fleire nivå over That ’70s Show på det området.
Det morsommaste i serien er karakterane, og situasjonane Chris kjem opp i er ofte ikkje så forskjellige, men nok til at det går ein sesong utan å bli lei. Far til Chris er veldig gnien eller sparsom, og har minst 2 jobbar. Mor til Chris sluttar i jobbane sine rett som det er, fordi ho ikkje har bruk for å jobbe, “mannen har to jobbar”. Veslesøstra til Chris er veldig irriterande, og alltid ute etter å få Chris i trøbbel. Veslebroren til Chris ser eldre ut enn han, og den er eldstemann som blant anna må arve klede frå veslebroren, han har også draget på alle damene (uansett alder).
