Date Movie (2006)
Eg veit ikkje heilt kvar eg skal starte, men prøver meg via Scary Movie. Date Movie reklamerar i traileren for at 2 av 6 av crewet bak Scary Movie har vore med på å lage denne filmen. Men det vil ikkje sei den er så godt som 1/3 av Scary Movie, som heller ikkje er dei beste filmane. For denne filmen feilar totalt på omtrent alle område, historien heng ikkje i ein tråd, og parodiane er mildt sagt grusomme. Å sei at eg kunne telje på ei hand dei gongene eg lo er å overdrive, eg vil heller sei ein finger. Så, kva trekk denne filmen opp? For eg kan ikkje berre skrive slakt her. Vel, ingenting faktisk, for det er ein PG-13 film, så dei pene damene var ikkje anna enn ekstra dårlege skodespelarar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


I staden for å hive dette inn i sjølve innlegget, så skriv eg det her. Dette er ei liste over filmane og personane eg fann parodiar av.