Filmdagbok
ness
18-mai-2006

Looking for Comedy in the Muslim World (2005)

Looking for Comedy in the Muslim WorldUser Rating: 5.7/10 (415 votes)

Ein litt spesiell komedie. Men eg likte den. Albert Brooks har skreve og regissert filmen, og spelar seg sjølv som får eit oppdrag av staten å reise til India og Pakistan for å forske på komedie. Målet er å skrive ein 500 siders rapport om kva som får muslimar til å le, som eit forsøk på å forstå den muslimske kulturen. Men etter kvart vekker nysgjerrigheita til Brooks mistanke både frå den indiske og pakistanske regjeringa, og opphaldet hans blir komplisert enn det burde.

Eg har aldri sett eller lagt merke til Albert Brooks i nokon filmar før, og har derfor ingen tidlegare opplevingar med humoren hans. Looking for Comedy in the Muslim World (2005) spelar ein del på Brooks’ dårlege tilvenning til eit nytt publikum, og korleis han oppfattar humor som noko han må lære andre å forstå for at dei skal ha glede av det. Det gjer figuren hans litt tragisk, men heldigvis ikkje håplaus og patetisk, slike filmar finst det nok av. Han er for det meste ein smart person, men kanskje litt overlegen på enkelte område. Og den rollen gjer han bra.

Men Looking for Comedy in the Muslim World (2005) er ikkje hysterisk, og vil nok ikkje passe alle. At eg likte den kan ha med andre ting å gjere, som min fasinasjon av indisk kultur og musikk, og min glede for filmar som prøver å vere litt smartare og med ein litt lågare tempo, der det går an å få med seg heile historien utan å føle at ein har blitt kasta av i alle svingane.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.