ness
22-mai-2006

Desperate Housewives sesong 2

24 episodar.

Desperate Housewives sesong 2Eg starta å sjå «Desperate Housewives» forrige sesong, fordi det var nytt med mørke hemmelegheiter, men med ei lys og humoristisk overflate. Sesong 2 bygger vidare på dette, men det er ikkje så nytt lengre. Om det er spennande er litt fram og tilbake med, eg kjeda meg ikkje, men det når ikkje heilt opp mot spenninga i første sesong. Ein fekk løysinga på det som var den raude tråden gjennom den sesongen, utan at eg skal gå meir inn i den historia, og det måtte nye historiar til for å fortsette. Det har kanskje blitt litt meir oppstykka, og tanken om at dei same folka skal få så mange problem i all evigheit er litt på kanten. Men det er no slik grunnlaget for dei fleste TV-seriar er, og eg er glad for det, for utan hadde jo det heile vore kjedeleg og ikkje hatt noko å gjere på skjermen. Så om dette er vel verdt å bruke tiden på, det kjem heilt an på kor godt du likte første sesong, likte du den godt vil eg sei ja. Er du derimot i tvil, eller likte den sånn akkurat passe, så er det kanskje ikkje verdt å fortsette.