Vertigo (1958)
User Rating: 8.5/10 (42,155 votes)
Eg hadde forventa fleire høgder, men er likevel ikkje skuffa over filmen. Det var ei fin oppleving, litt uvant tempo med tanke på dagens filmar, men ikkje kjedeleg. Historien er spesiell nok til å få ein til å tenke innimellom, og av og til nesten litt småekkel. Ikkje på grunn av høgdane, men på grunn av enkelte av personane i nokon rare situasjonar. Som det med bilde i galleriet, det minna meg om eit bilde eg såg i Brødrene Dal når eg var yngre. Filmen er også spennande, spesielt i scenene der Scottie følger etter Madeleine. Det er så enkelt, og så rart ho aldri ser han i dei openlyse etterfølgingane, men likevel spennande. Også er det kamera, filmen er ein fryd å sjå på, og bilde her har også fått ei god oppussing, noko som sikkert kom godt med, når filmen er neste 50 år gammal.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
