Filmdagbok
ness
28-mai-2006

Lucky Number Slevin (2006)

Lucky Number SlevinUser Rating: 7.5/10 (7,485 votes)

Eg kan ikkje skrive om denne filmen utan å nemne Snatch. (2000). Sjølv er eg ingen god filmkjennar på det profesjonelle planet, men eg ser likheiten i redigeringa, og deler av oppbygginga. Måten å fortelle ei historie på, bruken av namn som The Rabbi, The Boss og Goodkat. Men det blir ikkje ei mølje med referansar til Guy Ritchie, iallfall føles det ikkje slik. Det er ein artig og vellaga krimthriller, gjerne litt forutsigbar, men absolutt verdt sine minuttar. Det blir ingen romantisk kliss med Lucy Liu, ingen umenneskeleg actiohelt av Bruce Willis. Rett og slett ein godt balansert film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.